The Multimedia Expanse: Students' perceived learning outcome from, and attitudes toward, multimodal and traditional lectures
Year: 2013
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Formålet med denne studien var å undersøke studentar sine haldningar til multimodale presentasjonar (AtMP) og tradisjonell tavleundervising (AtTL). Ein litteraturgjennomgang av forsking innan emnet gjev inntrykk av at studentar generelt har meir positive haldningar til fyrstnemnde framfor sistnemnde, men få av desse studiane tek for seg forskjellige studieprogram og studentar innanfor harde og mjuke vitskapsfelt. Samstundes vert digital kompetanse og ambivalens knytt til teknologi sjeldan sett i samanheng med studentar si oppfatning av undervisingsmediet, og skiljet mellom metode og medium vert i stor grad ignorert. Sett i ein norsk kontekst, og vurdert ut frå det Richard Mayer og kollegane hans omtalar som the Cognitive Theory of Multimedia Learning, var studien meint på å måle om det var eit tilhøve mellom studentane sine haldningar til undervisingsmedium, digital kompetanse og fire studieprogram (psykologi, odontologi, pedagogikk og medisin). Studien hadde eit kvantitativt design og tok for seg sju forskingsspørsmål. Eit hundre og sekstifem studentar, frå anten universitetet eller ein høgskule i Bergen, fullførte eit spørjeskjema som vart presentert i løpet av fire uavhengige forelesingar. Haldningsskalaane (AtMP og AtTL), som utgjorde hovudverktyet i studien, var sett saman av fire element som målte studentane sine oppfatningar av undervisingsstrukturen, læringsutbyttet, motivasjon til å møte på forelesing og interaksjon mellom forelesar og student når eit av to undervisingsmedium vart brukt. Både deskriptiv- og slutningsstatistikk vart nytta (korrelasjon, einvegs variansanalyse og regresjon). Resultata gav indikasjonar på eit sterkt negativt forhold mellom AtMP og AtTL, med andre ord var positive haldningar til eit undervisingsmedium ofte avspegla i negative haldningar til det andre. Medisinstudentane var signifikant forskjellige frå dei andre studentane ved at dei føretrakk tradisjonell tavleundervising framfor multimodale presentasjonar. Samstundes vart det funne eit positivt tilhøve mellom AtMP og studentane si oppfatning av digital kompetanse og didaktisk innsikt hjå førelesarane. Denne relasjonen var ikkje gjeldande for AtTL. Studien gav indikasjonar på at mange av studentane ynskjer at førelesarar i større grad nyttar seg av komplekse multimodale presentasjonar, og samstundes at det ikkje er naturgitt at studentar er udelt positive til ukritisk bruk av PowerPoint eller liknande programvare. Diskusjonen avsluttast med ei tilråding om meir forsking på den faktiske bruken av multimodale presentasjonar innan høgare utdanning i Noreg.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Øystein Olav Skaar
Institution: University of Bergen
Language: English
Subfield: Experimental and Cognitive Psychology
Field: Psychology
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
Funder: One Mind
OpenAlex ID: W2172868483
