Work

Inter-gruppe kontakt og verknaden på tillit og toleranse. Gjev inter-gruppe kontakt meir positive oppfatningar av utgrupper og definerte andre?

Year: 2015
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Auken i etnisk og sosialt mangfald har samstundes auka kontakt mellom etniske grupper, som vidare er venta å auke også i framtida (Sturgis, Brunton-Smith, Read og Allum 2010: 58). Kunnskap om verknadane av inter-gruppe kontakt er difor viktig. Denne masteroppgåva undersøker verknaden av inter-gruppe kontakt i Noreg på individnivå, og kva som skjer når medlemmar frå ulike grupper kjem i kontakt i same geografiske område. Kontakt, i form av samansetning og kontaktkvalitet, blir undersøkt med fokus på ulike utfall som i litteraturen er relatert til mangfald og kontakt. Med bakgrunn i dette vil eg i oppgåva svare på følgjande forskingsspørsmål: Kva verknad har inter-gruppe kontakt på uttrykk for toleranse og tillit i høve utgrupper i Noreg, og varierer verknadane ut frå mengde og type kontakt? Det teoretiske rammeverket har bakgrunn i to motståande teoriar: kontakt- og konfliktteori. Sjølv om desse teoriane ynskjer å forklare det same, effektane av inter-gruppe kontakt, finn dei ulike resultat. Medan kontakttesen viser til at kjennskap verkar positivt på haldningar til utgrupper ettersom det minkar fordommar og aukar tillit, sosial og politisk toleranse, syner konfliktteori negative effektar av inter-gruppe kontakt gjennom auka trusselpersepsjonar (Putnam 2007). For å svare på forskingsspørsmålet nyttast datamateriale frå Norsk medborgarpanel (2013), som blir analysert ved ordna probit-regresjon. Resultata indikerer at inter-gruppe kontakt har ein positive effekt på ulike uttrykk for toleranse når kvaliteten på kontakta er god. Ved positive evalueringar av kontaktsituasjonar, samt gjennom venskapleg kontakt kan uttrykk for toleranse endrast til det betre. Jamvel peikar effektane av samansetning på negative verknader av kontakt. Del innvandrarar i nærområdet har med dette potensiale til å auke trusselpersepsjonar. Dei positive effektane av kontaktkvalitet er likevel det som fører verknaden av inter-gruppe kontakt i oppgåva. Resultata avhenger likevel i ein viss grad av kva uttrykk for tillit og toleranse som vert studert.
Language: Norwegian
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2263049178
Cites: 39
Cited by:
Related to: 10