Work

Alternativ Kroppsøving i den vidaregåande skulen. Ein kvalitativ studie av elevane sine erfaringar med motivasjon i kroppsøvingsfaget

Year: 2015
Type: dissertation
Abstract: Eiga erfaring, statistikk og funn frå forsking tyder på at mange elevar slit med motivasjonen i kroppsøving. Alternativ Kroppsøving er eit opplæringstilbod som er oppretta med det føremålet å få fleire elevar til å fullføra kroppsøvingsfaget. Hensikta med denne studien er å utvikla kunnskap om, og innsikt i ulike motivasjonsfaktorar i kroppsøving blant elevar i Alternativ Kroppsøving. Studien byggjer på elevane sine subjektive erfaringar, og sentralt i studien er å finna svar på kva erfaringar elevar i Alternativ Kroppsøving har med tilfredsstilling av dei tre psykologiske behova; autonomi, tilhøyrsle og kompetanse (Deci & Ryan, 1985,1987,2008; Ryan & Deci, 2000ab,2002,2007), samt finna meir ut om kva erfaringar elevane har med utvikling av meistringsforventning (Bandura, 1994,1997). Studiens problemstilling er: Kva erfaringar har elevar i Alternativ Kroppsøving med motivasjon i kroppsøvingsfaget? Offentlege skriv, tidlegare forsking, samt samtalar med kroppsøvingslærarar og leiarar har også vore sentrale kjelder til kunnskap. Teori og forsking kring trivsel, læring og motivasjon i eit sosialt- kognitivt perspektiv, samt relasjonsdidaktikk er sentralt både i oppgåvas faglege grunnlag og i drøfting. Studien baserer seg på ei samfunnsvitskapleg undersøking på to skular, skule A og skule B, der elevane er hovudinformantar. Datamaterialet byggjer på kvalitative intervju med utvalde elevar og lærarar i Alternativ Kroppsøving, samt utvalde leiarar ved skulane i studien. Utvalet på kvar skule har vore tre elevar, éin kroppsøvingslærar og éin leiar. Samanlikna med ordinær kroppsøving ser det ut til at fem av seks elevar i studien har betre erfaringar med motivasjonsfaktoren tilhøyrsle, og at alle elevane i studien har betre erfaringar med kompetanse og meistring. Funna i studien kan tyda på at elevane i Alternativ Kroppsøving på skule A, har betre erfaringar med motivasjonsfaktoren autonomi enn elevane i Alternativ Kroppsøving på skule B. Det kan også tyda på at elevane på skule A har ein meir indre regulert motivasjon enn elevane på skule B. Funna i studien tyder også på at alle elevane har gode erfaringar med kompetanse og utvikling av meistringsforventning i Alternativ Kroppsøving. Funna viser at alle elevane har erfaringar med dette gjennom opplevd meistring, modellæring og verbal overtyding. Det kan tyda på at både elevar, lærar og andre fagpersonar i kroppsøving bidreg til modellæring på skule A, medan læraren er den beste modellen for læring på skule B.
Language: Norwegian Nynorsk
Field: Psychology
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2263553203
Cites: 53
Cited by:
Related to: 10