Molecular mechanisms of pneumococcal fratricide
Year: 2010
Type: dissertation
Abstract: Streptococcus pneumoniae kan ta opp DNA frå omgjevnadane og inkorporere dette arvematerialet i sitt eige genom. Denne evna spelar ei fundamental rolle i evolusjonen til denne bakterien. Kompetanse for genetisk transformasjon er kontrollert av eit ”quorum sensing” liknande system: Binding av peptidferomonet CSP til reseptoren ComD aktiverer responsregulatoren ComE. ComE aktiverer transkripsjon av ei fleire gener, blant anna immunitetsproteinet ComM og den alternative sigmafaktoren σx. Blant dei σx kontrollerte genene finn ein gener som kodar for protein involvert i såkalla ”fratricide” (broderdrap), mellom anna CbpD og autolysinet LytA. LytC som er koda av eit σ70-kontrollert gen er óg viktig for fratricide. Nyare forskning indikerer at fratricide medfører frigjering av DNA frå dei predaterte målcellene. Frigjort DNA kan i neste omgang takast opp og integrerast i genoma til angriparcellene. Kompetente pneumokokkar kan drepe og lysere både ikkje-kompetente pneumokokkar og andre nært beslekta artar. Dette fenomenet kan difor vere ein sentral komponent i genutveksling mellom streptokokkar, eit fenomen som mellom anna kan medføre spreiing av antibiotikaresistens. Det er óg mogeleg at fratricide bidreg til frigjering av virulensfaktorar ved invasjon av verten. Det er altså mykje som tyder på at fratricide er eit viktig fenomen både i eit evolusjonært perspektiv og eit folkehelseperspektiv. Hovudmålet med arbeidet har vore å auke kunnskapen om dette fenomenet med eit fokus på dei molekylære mekanismane som ligg bak. I artikkel I syner vi at lysis av målceller er meir effektiv når LytA og LytC vert produsert av målcellene sjølv enn om dei vert produsert av angriparane. LytC vart funne i store mengder i vekstmediet til både kompetente og ikkje-kompetente celler. LytA vart berre detektert i celleekstrakt, i hovudsak i kompetente celler. Eluering av cholin-bindande protein frå celleoverflata medførte ikkje frigjering av målbare mengder LytA. Vidare såg vi at det er ein nær korrelasjon mellom celledaud og LytA-indusert autolyse. Saman tyder desse resultata på at LytA kan vere eit intracellulært protein som vert frigjort og aktivert ved celledaud. CbpD vart funne i vekstmediet under kompetanse, men eluering med cholin indikerte at det meste av proteinet var bunde til celleoverflata. CbpD er normalt avhengig av LytA og LytC for effektiv lysis av målceller, men vi fann at tilsats av 1,0 mM EDTA gjorde CbpD i stand til effektivt å lysere målceller aleine. I artikkel II vart det vist at tre-komponent systemet LiaFSR vert aktivert av CbpD, LytA og LytC ved kompetanse-induksjon i fråvér av ComM. Systemet viste seg óg å verne cellene mot desse lysina. Delesjon av responsregulatoren LiaR medførte ei dobling av lysis ved kompetanse induksjon uavhengig av om ComM var til stades, men i kulturar med eit funksjonelt ComM heldt andelen lyserte celler seg låg. Som i andre Firmicute bakteriar, vart LiaFSR aktivert av dei lipid II interagerande antimikrobielle midla bacitracin og nisin. Microarray analysar av endringar i genekspresjon ved behandling med subletale dosar av bacitracin resulterte i deteksjon av 18 LiaR regulerte gener organisert i seks operon. Delesjon av to av desse gena, spr0810 og pcpC, aleine og i kombinasjon, avslørte at desse to genene er ansvarlige for det meste, men ikkje all den beskyttande effekten av LiaFSR ved kompetanse-induksjon. I den siste delen av studia, rapportert i artikkel III, viste vi ved hjelp av zymogram analysar av protein ekstrakt at CbpD er ein murein hydrolase. CbpD er sett saman av eit N-terminalt CHAP domene etterfulgt av to SH3b domener og eit C-terminalt cholin-bindande domene. Vi fann at eit fusjonsprotein av CbpD med CHAP domenet byta ut med grønt fluoroscerande protein (GFP) i hovudsak bind celledelingssona i pneumokokkar. Delesjosstudier avdekka at det cholinbindande domenet er ansvarleg for denne bindingsspesifisiteten. SH3b domena viste seg å binde peptidoglykan. Vidare studier viste at begge desse bindingsspesifisitetane er naudsynte for at CbpD skal lysere målceller. Til slutt avdekka transmisjonselektronmikroskopi at CbpD påfører rifter i celledelingssona på angripne celler.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Vegard Eldholm
Institution: Norwegian University of Life Sciences
Language: English
Subfield: Genetics
Domain: Life Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2337485722
