Work

«Den læreplanen som ikkje kan tilpassast mi undervisning, finst ikkje.» Vurdering og undervisning i kroppsøving etter Kunnskapsløftet

Year: 2013
Type: article
Abstract: Innføringa av Kunnskapsløftet (LK06) førte med seg ei auka satsing på vurdering i grunnopplæringa. Med utgangspunkt i kvantitative og kvalitative data frå undersøkingar blant kroppsøvingslærarar på ungdomssteget drøftar vi korleis innføringa av LK06 og ny vurderingsforskrift har verka inn på undervisnings- og vurderingspraksis i kroppsøving. Vi nyttar Bernsteins (1975) tre «message systems», læreplan, undervisning og vurdering, og Handal og Lauvås (1999) sitt omgrep praksisteori som ei teoretisk ramme for drøftingane. Resultata syner at om lag halvparten av kroppsøvingslærarane har endra sin måte å vurdere på etter innføringa av LK06, men det kan sjå ut til at endringane går i ulike og stundom motstridande retningar. Grad og retning på endringane er delvis knytt til ulike sider ved lærarane sin praksisteori. Når vi spør kroppsøvingslærarar korleis LK06 har verka inn på deira undervisnings- og vurderingspraksis, kjem det fram eksempel på korleis dei ulike «message systems » verkar på kvarandre, og at endringane også er knytte til praksisteorien til lærarane. Ved konflikt mellom dei tre «message»-systema verkar vurdering å vera det sterkaste; nokre lærarar tilpassar undervisninga si til vurderingspraksisen sin.
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2341595217
FWCI: 4.215
Cites: 42
Cited by: 5
Related to: 10