Førestellingar om eigne born hjå mødre i risiko for omsorgssvikt
Year: 2010
Type: dissertation
Abstract: Bakgrunn: Måten foreldre oppfattar barnet sitt på er avgjerande for korleis dei møter barnet. Innan både klinisk praksis og forsking vert foreldre sine oppfattingar sett på som ei viktig kjelde til informasjon om barnet, relasjonen mellom forelder og barn, og forelder sitt syn på seg sjølv som omsorgsperson. \nMødre sin relasjon til eigne born har vore undersøkt og sett i samanheng med omsorgskvalitet. Forskinga tyder på at eigne vanskar hjå mødre, som til dømes psykiske lidingar og avhengigheit til rusmiddel, kan ha negative konsekvensar for relasjonen til barnet og kvaliteten på omsorgen. Ein veit imidlertid lite om korleis desse mødrene oppfattar sine eigne born. Dei få undersøkingane som er gjort tyder på at mødrene gjerne har mangelfull forståing for barnet sitt perspektiv og barnet sine kjensler og tankar. Det er grunn til å anta at ikkje berre mødrene si oppleving av relasjonen har samanheng med omsorg, men at også førestellinga om barnet betyr noko.\nDenne studien vil undersøkja førestellingar om eigne born hjå mødre der det er knytta bekymring til deira omsorgsevne. Studien byggjer på ein antakelse om at det er ein samanheng mellom mødrene sine eigne vanskar og deira førestelling om borna sine. Slike førestellingar er ikkje tidlegare undersøkt, og det manglar difor kunnskap om korleis desse mødrene oppfattar og skildrar borna sine samanlikna med andre mødre. \nUndersøkinga tek utgangspunkt i ei hypotese om at mødre henvist til utreiing på grunn av bekymring for omsorgskvaliteten vil ha mindre heilskaplege, detaljerte og samanhengjande førestellingar om eigne born enn andre mødre. Dei henviste mødrene vil bli omtala som å vera i risiko for omsorgssvikt. \n\nMetode: Materiale frå Tilknytningsprosjektet ved Aline Poliklinikk er nytta som grunnlag for eit sjølvstendig prosjekt. Ti henviste mødre og ti kontrollmødre sine skildringar av eigne borns personlegdom er nytta som eit uttrykk for mødrene si førestelling om barnet. Skildringane er skåra ut frå eit eigenutvikla førestellingsskjema og skjema for sinnorientering (Meins med fleire, 1998), og gruppene er så samanlikna. \n\nResultat: Dei henviste mødrene har færre episodiske skildringar av barnet enn kontrollgruppa, og gjev ei mindre konkret og spesifikk framstilling av barnet. Gruppene er like når det gjeld generelle skildringar av åtferdstendensar. Ved samanlikning av eigenskapar nytta for å skildra barnet, fokuserer klientmødrene mindre på barnet sin eigen vilje enn dei andre mødrene. Resultata tyder på at mødrene i klientgruppa ikkje skil seg frå kontrollgruppa når det gjeld generelle førestellingar om born, men at deira vanskar er forbunde med spesifikk oppfatting av sitt eige barn. Førestellingane deira ser ut til å vera mindre detaljerte, heilskaplege og samanhengjande enn hjå andre mødre.
Author: Ragnhild Hodne Mjanger
Language: Norwegian
Topic: Child Welfare and Adoption
Subfield: Sociology and Political Science
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2467703693
