Work

Aktivitetsnivå og styrke blant eldre – er det samanheng? : Er det samanheng mellom aktivitetsnivå og funksjonell styrke blant ei gruppe heimebuande eldre som trenar ved eitt omsorgsenter?

Year: 2009
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Hensikta med denne studien var å undersøkje samanhengen mellom aktivitetsnivå og funksjonell styrke blant ei gruppe heimebuande eldre som trena ved eitt omsorgssenter. Ti eldre i alderen 76-92 år deltok i forsøket. For å kartleggje aktivitetsnivået gjekk forsøkspersonane med akselerometer i sju dagar. Den påfylgjande veka gjennomførte dei to funksjonelle testar som testa muskelstyrken i under- og over ekstremitetane. Desse var høvesvis reise-setje-seg- og armfleksjon-test. Testresultata viste signifikant samanheng mellom aktivitetsnivå og styrke i underekstremitetane. Vidare såg éin signifikant samanheng mellom muskelstyrken i under- og overekstremitetane. Det var derimot ingen signifikant samanheng mellom aktivitetsnivå og styrke i overekstremitetane. Resultata viste òg at 96 % av all aktivitet forsøkspersonane gjennomførte var med låg intensitet. Konklusjon: Testresultata viste at aktivitetsnivået hadde samanheng med styrke i underekstremitetane, og mellom styrke i under- og overekstremitetar. Resultata viste derimot ingen samanheng mellom aktivitetsnivået og styrken i overekstremitetar. I tillegg viste resultata at ingen av forsøkspersonane tilfredstilte tilrådingane for fysisk aktivitet.
Language: Norwegian
Field: Medicine
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2468363082
Cites: 33
Cited by:
Related to: 10