Ein lærer av den skulen ein går i : om progresjon i praksis og øvingslærar si rolle
Year: 2005
Type: report
Abstract: Dette notatet er utarbeidd for å presisere kva allmennlærarutdanninga oppfattar at ligg til øvingslærar sitt ansvarsområde. Dette vil vi at skal vere ei hjelp både for nye og erfarne øvingslærarar. Alle har krav på å få vite kva vi ved HSF ventar at studentane er med på i praksis, og kva det vert fokusert på i den einskilde praksisperiode. Det skal vere krav til kva studentane skal møte i praksisperiodane, uavhengig av kva skule dei har praksis ved. Notatet gjer også progresjonen frå praksisperiode til praksisperiode tydelegare, når det gjeld studentane sitt arbeid og ansvar. Det vert også sett nærare på rektor si rolle i samband med organisering av praksis, og informasjon til studentane i praksis. Det vert forventa at rektor har samtalar med studentane om ulike sider ved skulen, leiing og rektorrolla. Også her skal det vere ein progresjon frå praksisperiode til praksisperiode.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2469445985
