"Innsats" i kroppsøving i ungdomsskulen: ei kvalitativ intervjustudie av eit utval elevar og lærarar om innsatsforskrifta i kroppsøving
Year: 2016
Type: dissertation
Abstract: Denne masteroppgåva er skriven innan seksjonen for kroppsøving og pedagogikk, ved\nNorges idrettshøgskole (NIH). Oppgåva er ein del av eit større prosjekt på seksjonen\nsom har namnet: Hva skjer i skolen?\nStudien si hensikt er å klargjere korleis innsats vert oppfatta, gjennomført og erfart i\nkroppsøving på elev og lærarnivå. Hensikta er vidare å sjå korleis forskrifta om innsats i\nfrå 2012 er praktisert og tolka i kroppsøving.\nOppgåva er forankra i det sosialkonstruktivistiske perspektivet og har eit\nlæreplanteoretisk perspektiv utvikla av John I. Goodlad (1979). Sentralt i teorien er\ntolking av læreplanen på ulike nivå i skuleverksemda. Goodlad sit omgrepsapparat\nfortel om ulike tolkingar av læreplanen, frå den ideologiske læreplanen på globalt og\nnasjonalt nivå ned til den erfarte læreplanen på elevnivå. Utdanningsdirektoratet si\nforskrift om innsats i frå 2012 står sentralt gjennomgåande i oppgåva og i analysen.\nDet er brukt intervju innanfor kvalitativ metode som forskardesign. 2 lærarar og 12\nelevar ved ein ungdomskule står for datagrunnlaget i oppgåva.\nStudien har vist at lærarane basera seg i stor grad på skjønn, og på ei individuell tolking\ni forskrifta. Lærarane arbeidar saman om to klasser i kroppsøving og har gjennom\nsamarbeidet opparbeida seg felles arbeidsformer, men det viser seg at dei har ulik\nforståing av korleis innsats vert vist som haldning. Elevane er reflekterte og er opptatt\nav å vise innsats slik dei oppfattar er forventa. Innsats er noko elevane skal vise på\nordentleg. Studien har kanskje opna fenomenet litt meir, slik at framtidig forsking kan\nsjå vidare på korleis lærarane kan realisere det dei oppfattar som faget sin eigenart, og\nkorleis elvane opplever sitt handlingsrom for å vise innsats, ha medverknad og uttrykke\nansvaret dei tek i faget.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Harald Krog Øyehaug
Institution: Norwegian School of Sport Sciences
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2510019402
