Work

Nativ myse kontra lettmjølk: effekt av 12 veker regelbunden styrketrening og proteintilskot på anabol signalering: ei dobbel-blinda, randomisert og kontrollert studie

Year: 2016
Type: dissertation
Abstract: INTRODUKSJON: Inntak av mjølkeprotein kan stimulera myofibrillær proteinsyntese\n(MPS) etter éi styrketreningsøkt. Auka MPS er eit resultat av auka aktivitet i anabole\nsignalvegar, med markørar som bl.a. fosforylering av p70S6k (p-p70S6k). Aminosyra\nleucin har blitt sett på som ein potent triggar av MPS. Derfor har det blitt antatt at\nproteinkjelder som gir ein rask auke i leucin i blod kan vera fordelaktig for muskulære\nadaptasjonar til styrketrening. Målet med denne masteroppgåva var å undersøka om\nsupplementering med nativ myse (100% myseprotein), som gir ein rask auke i leucin i\nblod, stimulera aktiviteten i anabole signalvegar i større grad enn mjølkeprotein (20%\nmyseprotein, 80% kaseinar), og om dette fører til større muskelvekst og auke i styrke\netter 12 veker med styrketrening og proteinsupplementering.\nMETODE: 22 menn og kvinner (30±6 år) vart randomisert til å innta anten mjølk eller\nnativ myse. Begge gruppene gjennomførte tung styrketrening i 12 veker (tre økter per\nveke). Protein vart gitt direkte etter kvar økt, i tillegg til morgon eller kveld (2 x 20g\nkvar dag). Muskelbiopsiar vart teke 30 minutt før og to timar etter første og siste\ntreningsøkt, og vart analysert for hypertrofisignalering og fiberareal. Muskelstyrke i\nbeinpress og tjukn og tverrsnitt av m. vastus lateralis vart målt før og etter\ntreningsintervensjonen.
Language: Norwegian
Field: Nursing
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2553206312
Cites: 89
Cited by: 1
Related to: 10