«Øvst ved bordet?»
Year: 2017
Type: article
Abstract: Sammendrag Konsekrasjons- eller signingsarenaer er særskilt viktige i høve til det Pierre Bourdieu omgrepsfesta som eit ‘maktfelt’. Ein slik arena for både konsekrasjon og også rekonsekrasjon er offisielle middagar. Denne artikkelen drøftar dei symbolske kapitalhierarkia ved Noregs Banks årsmiddag. På grunnlag av prosopografiske data om middagsgjestane i 2012, spør vi kor mange kapitaldimensjonar ein kan finne i dette «konsekrasjonsrommet», om det rår ein samanheng mellom bordhierarkiet og kapitalstrukturane i konsekrasjonsrommet, om ein finn homologiar mellom kapitalstrukturane i dette rommet og strukturane i det større norske maktfeltet og kor mange undergrupper ein kan finne blant gjestane. Ein multippel korrespondanseanalyse av 32 kapitalindikatorar avdekkjer tre aksar i det konsekrasjons- og rekonsekrasjonsrommet som årsmiddagen utgjer: ein økonomisk kapitalakse, som også skil mellom økonomisk og akademisk kapital, ein akse som skil mellom «synlege» og «usynlege» gjester, og ein mobilitets- og senioritetsakse. Saman med ein tripolar opposisjon mellom posisjonar i næringslivet, i politikken og i akademia/embetsverk, stadfestar borda sine posisjonar i dette rommet funna frå tidlegare analysar av strukturane i det norske maktfeltet. Resultatet gjev støtte til homologi-tesen om at det rår ein strukturell korrespondanse mellom strukturane i maktfeltet og i dette særeigne delfeltet. Resultata frå hierarkisk klyngeanalyse validerer funnet ytterlegare gjennom å identifisere sju grupper av inviterte: «The Haves», «The Have Nots», «The Have Yachts», «Arv-takarar», «Anonyme insiderar», «Politiske insiderar» and «Leiarar og direktørar». Nøkkelord Elitar Noregs Banks årsmiddag symbolske kapitalhierarki maktfelt multippel korrespondanseanalyse
Source: Tidsskrift for samfunnsforskning
Authors: Johs. Hjellbrekke, Olav Korsnes
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Sociology and Political Science
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Open Access status: diamond
OpenAlex ID: W2589179032
