Work

Trivsel i dei Seine Barneåra: Ei empirisk Undersøking av Stabilitet i Livstilfredsheitsrapportar, og Prediksjon av Livs- og Skuletilfredsheit frå Separate Kjelder til Sosial Støtte Kontrollert for Sosioøkonomisk Status.

Year: 2007
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Det overordna føremålet med studien var å auke kunnskapen om tilfredsheit i dei seine barneåra. Datagrunnlaget var ei tre års longitudinell surveyundersøking som inkluderte 1153 barn i alderen 10 - 12 år. Datainnsamlingane vart gjennomført i tidsrommet november 2004 til november 2006. Tre forskingsspørsmål vart undersøkt. Forskingsspørsmål 1 undersøkte absolutt og relativ stabilitet i livstilfredsheitsrapportar. Det vart funne at gutar og jenter var omlag like tilfreds med livet når dei var 10 - 12 år, dei opplevde moderat til høg grad av stabilitet i livstilfredsheit over den undersøkte to års perioden, og nivået av denne var generelt høgt. Forskingsspørsmål 2 undersøkte sjølvrapportert sosial støtte (frå foreldre og lærar) som prediktor for 1) livstilfredsheit, og 2) skuletilfredsheit. Totalt sett var sosial støtte ein god prediktor for tilfredsheit. Foreldrestøtte var den viktigaste prediktoren for livstilfredsheit, og lærarstøtte den viktigaste prediktoren for skuletilfredsheit, og etter kontroll av SØS. Resultata tyder på at å skilje mellom separate kjelder som formidlar støtte var verdifullt. Forskingsspørsmål 3 viste at SØS var generelt lite relatert til tilfredsheit. Subjektiv SØS var ein betre prediktor enn FAS. Resultatet er konsistent med ideen om at SØS består av fleire komponentar.
Language: Norwegian Nynorsk
Field: Psychology
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2601262497
Cites: 65
Cited by:
Related to: 9