Kolgroper, Åmothaugen Ormetjønn, Åbø Groven, 35/1, Vinje kommune, Telemark
Year: 2011
Type: report
Abstract: I samband med forslag til reguleringsplan for Åmothaugen Ormetjønn utførte Telemark fylkeskommune ei registrering av området 2009 og det vart funne 4 kolgroper. Ei kolgrop vart regulert til vern gjennom planen, medan det vart søkt om og vedtatt dispensasjon med vilkår om arkeologisk utgraving for dei resterande kolgropene. Kulturhistorisk museum foretok ei undersøking i perioden 18. – 21. mai 2010. I alt vart tre groper arkeologisk undersøkt (Id 128816, 128817 og 128818). Gropene vart undersøkt for hand. Det er kjent mange kolgroper i nærområdet, og det var noko kol i gropene. Det var difor naturleg å konkludere med at det dreia seg om kolgroper under den arkeologiske registreringa. Ved ein arkeologisk utgraving har ein mandat, samt tid og ressursar til ein grundigare undersøking av kulturminna, og i dette tilfellet har utgravinga vist at det ikkje er kolgroper, men heller natur. Kolet ligg rett under torvlaget og er sannsynlegvis spor etter ein skogbrann. Det vart også funnen kol under torvlaget i planområdet utanfor gropene. Gropene var grunne og lite markerte og kan vere spor etter rotvelt eller liknande. Prosjektleder: Jes Martens
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Kjetil Loftsgarden
Language: Danish
Subfield: Archeology
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2603671428
