Born som er vitne til vald i familien; Evidens for gruppebehandling basert på kognitiv åtferdsterapi
Year: 2009
Type: dissertation
Study design: Systematic Review
Abstract: Born som er vitne til vald i familien utgjer ei risikogruppe for utvikling av ei rekke psykososiale vanskar, og skadeverknader er blitt dokumentert både på lang og kort sikt. Formålet med den føreliggande litteraturstudien var å undersøkja kva evidens som ligg føre for å driva gruppebehandling for born som har vore vitne til vald i familien, basert på kognitivt åtferdsmessige prinsipp. Studien er inspirert av eit norsk, statleg støtta behandlingsprosjekt og den påfølgande utgjevinga av ein behandlingsmanual for denne gruppa born. Aktive verknadsmekanismar i behandling, samt defineringa og/eller problematiseringa av foreldreinvolvering i samband med behandling, har vore øvrige fokus for studien. Ved bruk av eit systematisk litteratursøk vart 20 artiklar inkluderte i studien. Resultata frå denne litteraturstudien gjev ikkje grunn til å trekkja eintydige konklusjonar om behandlingseffekt. Enkeltstudiar dokumenterer lovande resultat i form av signifikant behandlingseffekt og ein liten til moderat effektstorleik. Resultata er likevel prega av korleis studiane varierer, mellom anna i form av ulike definisjonar av målgruppa, ulikt innhald i behandlinga og ulike utfallsmål. Det gjenstår framleis arbeid for å dokumentera om, og i so fall i kva grad, gruppebehandling basert på CBT er ein effektiv intervensjon i behandlinga av psykososiale vanskar hjå born som er vitne til vald i familien. Det er ikkje systematisk undersøkt kva verknadsmekanismar som ligg til grunn for effektiv behandling. Heller ikkje er effekten av ulike foreldreintervensjonar systematisk studert. Metodologiske utfordringar ved studiane vert so drøfta. Avslutningsvis drøftast implikasjonar for klinisk praksis og forslag til vidare forsking vert gjeve
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Ane Marte Habbestad
Institution: University of Bergen
Language: Norwegian
Subfield: Clinical Psychology
Field: Psychology
Domain: Social Sciences
Keywords: children exposed to domestic violence, group therapy, cognitive behavioral therapy, treatment effectiveness, psychosocial problems, parental involvement, therapeutic mechanisms, treatment manual, long-term outcomes, short-term outcomes, effect size, child mental health intervention, child welfare services
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2603787815
