Erstatning av palmeoljebasert feitt med feitt frå rapsfrø i kraftfôr til norsk mjølkegeit- effekt på feittinnhald og feittsyresamansetning i mjølk
Year: 2017
Type: dissertation
Abstract: For å sikre høgt energiopptak og god mjølkeyting med høgt tørrstoffinnhald vert det i dag tilsett palmeoljebasert feitt i ein del kraftfôrblandingar til mjølkegeit. Palmeolje er rik på den metta feittsyra palmitinsyre (C16:0), som vert sett på som ei ugunstig feittsyre i humanernæringa. Palmeolja må også importerast og vert ofte sett i samanheng med utrydding av regnskog. Der er derfor naudsynt å finne eit betre alternativ til energitilskot i kraftfôr, både for å auke sjølvforsyningsgraden, men også for å betre den ernæringsmessige kvaliteten av mjølk og mjølkeprodukt. \n\nFormålet med denne oppgåva var å undersøkje om norskdyrka rapsfrø, rikt på langkjeda umetta feitt, kan vere eit alternativ til palmeoljebasert feittilskot, og korleis det påverkar feittinnhald og feittsyresamansetting i mjølk. Forsøket vart utført i 2016 med 48 mjølkegeiter ved geitefjøset på Senter for Husdyrforsøk, NMBU på Ås. Forsøksperioden varte frå kjeing i februar til avsining i oktober, med innefôring vår og haust, og fjellbeite på sommaren. Geitene vart gruppert i seks forsøksgrupper med 8 geiter i kvar. Kvar gruppe fekk kraftfôr tilsett 2 eller 8 % Akofeed (palmeoljebasert feitt), og 2, 4, 6 eller 8 % feitt frå rapsfrø. I innefôringsperiodane fekk geitene surfôr etter appetitt, og surfôropptaket vart registrert kvar veke. Det vart tatt prøver av mjølk og blod av alle geitene på laktasjonsdag 30, 55, 85, 115, 185 og 225. Det vart også registrert mjølkemengd annakvar veke gjennom dei to innefôringsperiodane, og kvar fjerde veke på fjellbeite. \n\nDet var ingen signifikant forskjell mellom Akofeed og raps på mjølkeyting, feittprosent eller mjølkefeittproduksjon, men ein tendens til auka feittprosent i mjølka med auka mengd feitt i kraftfôret. 8 % feitt i fôret førte til redusert fôropptak og ein tendens til lågare mjølkeproduksjon for desse gruppene. Det var ingen effekt av forsøksgruppe på innhaldet av de novo-feittsyrer i mjølka. Forsøksgruppa som fekk 8 % Akofeed hadde signifikant høgast innhald av C16:0 i mjølka, samanlikna med dei andre forsøksgruppene. Innhaldet av C18:0, C18:1- og C18:2-feittsyrer var signifikant høgare for forsøksgruppene som fekk raps, og auka mengde feitt frå raps gav auka mengd umetta feitt i mjølka. Innhaldet av C18:2 var likevel høgast på beite for alle forsøksgruppene. \n\nI beiteperioden var innhaldet av feittsyrer frå mobilisert kroppsfeitt (C18:0 og C18:1) høgt, uavhengig av forsøksgruppe. I den siste innefôringsperioden var det observert ei betydeleg haldoppbygging med ei vektauke på 4,0 kg i snitt. Feittproduksjon var lågare i denne perioden samanlikna med tidlegare i laktasjonen, og var ikkje påverka av forsøksgruppe. Tilskot av 8 % Akofeed eller 8 % feitt frå rapsfrø hadde ingen effekt på energistatusen til geita.
Source: BIBSYS Brage (BIBSYS (Norway))
Author: Gunnhild Helene Breiland
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Animal Science and Zoology
Domain: Life Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2761084461
