Work

Musikk i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar. Ein kvalitativ studie av ei musikkgruppe for ungdom med bakgrunn som einslege flyktningbarn

Year: 2017
Type: dissertation
Abstract: Samandrag --- Einslege mindreårige flyktningar er personar under 18 år som er på flukt åleine utan foreldra sine eller andre med eit foreldreansvar for dei. Einslege flyktningbarn er i ei risikogruppe og er særskilt utsett for å utvikle psykiske helseproblem. Studien utforskar kva rolle musikk kan ha i helsefremmande arbeid med denne gruppa barn og unge. Studiens problemstilling er: På kva slags måte kan deltaking i ei musikkgruppe vere helsefremmande for ungdom som har bakgrunn som einslege mindreårige flyktningar? Tre forskingsspørsmål spring ut frå den overordna problemstillinga: 1 Korleis opplever deltakarane å medverke og delta i musikkgruppa? 2 Kva for helsefremmande faktorar kjem til syne i deltakarane sine opplevingar? 3 Kva for utfordringar opplever deltakarane i musikkgruppa? For å kunne utforske problemstillinga og forskingsspørsmåla, vart ei gruppe ungdommar med denne flyktningbakgrunnen invitert til å delta i ei musikkgruppe. Musikkgruppa vart leia av to musikkterapeutar, den eine også var forskar i studien. Musikkgruppa møttest til regelmessige samlingar over ein periode på ti månadar. Gruppesamlingane hadde eit variert musikalsk innhald der improvisasjon, samspel på ulike instrument, instrumentalopplæring og song var blant arbeidsformene. Ein konsert for inviterte vener og arbeid i studio, var også ein del av arbeidsprosessen. Musikkterapeutane la vekt på samarbeid og ungdommanes medråderett i gruppeprosessen. Dei hadde ei ressursorientert tilnærming, og saman planlagde og evaluerte musikkterapeutane og ungdommane gruppesamlingane. Begge partar kom med innspel og forlag til musikk å samhandle i, og saman sette dei måla for musikkgruppa. Eit av føremåla i studien er å demonstrere korleis ein gjennom musikk kan engasjere og skape fleirkulturelle møte som kan bidra til å støtte ein gryande integrasjonsprosess, og som kan gi oppleving av meistring og andre erfaringar som kan ha betyding for deltakaranes helse og livskvalitet. Studien gjer dette ved å skildre ein praksis i ei musikkgruppe, utforske denne praksisen gjennom intervju og observasjon, og drøftar resultata herifrå med hjelp av teoretiske perspektiv. Studien har også som føremål å utvikle kunnskap om samanhengar mellom musikk og helse som ideelt sett skal bidra til at fleire barn og unge med flyktningbakgrunn får tilgang til musikk. Håpet er at ein ved å utvikle meir kunnskap om musikkarbeid med einslege flyktningbarn kan bidra til at det blir utvikla fleire musikktilbod i asylmottak og barnevernskontekst. Dette er eit overgripande, idealistisk og langsiktig føremål som studien strekk seg mot. Studien er eit samfunnsmusikkterapiprosjekt og utforskar samanhengen mellom musikk og helse i konteksten av den gjeldande musikkgruppa. Studien står i ein norsk musikkterapitradisjon, der eit humanistisk, ressurs- og samfunnsorientert perspektiv på musikkterapien er del av den faglege ståstaden. Desse perspektiva er del i studiens teoretiske referanseramme og er også ein del av forskarens forforståing. Perspektiva la føringar for musikkterapeutane si tilnærming til musikkgruppa og ungdommane. I tillegg til musikkterapiperspektiv, er positiv psykologi, anerkjenningsteori, traumemedviten omsorg og teori om psykososialt arbeid einslege flyktningbarn del i studiens teoretiske referanseramme. Resultata frå analysen har blitt drøfta i ljos av desse perspektiva, og gjennom eit vekselspel mellom teori og empiri har studiens problemstilling og forskingsspørsmål blitt forsøkt svara på. Som kvalitativ studie har deltakande observasjon og kvalitative forskingsintervju blitt nytta som forskingsmetodar i datakonstruksjonen. Intervjua har blitt analysert i ei systematisk tekstkondensering, og feltnotatet frå den deltakande observasjonen i ei kategoribasert analyse. Studien tek ein hermeneutisk fenomenologisk vitskapsposisjon. Det medfører at menneskeleg levd erfaring er anerkjend som gyldig kunnskap, og at fortolking er sett på som ein dimensjon ved kunnskapsutviklinga. Studiens første forskingsspørsmål etterspør ungdommane sine opplevingar frå musikkgruppa. Resultata frå studien viser at ungdommane opplevde ei emosjonell endring når dei deltok i musikkgruppa. Dei opplevde ei auka av positive emosjonar, meir energi og kjende seg mindre trøytte og nedstemte. Ungdommane opplevde at musikken avleia frå uro og problemrelaterte tankar og at den tilbydde eit avbrekk der kunne dei fokusere på musikk. Ungdommane fekk også eit meir optimistisk syn på framtida og livssituasjonen sin ettersom dei deltok i musikken i gruppa. Musikken var ledd i ein håpsprosess. Vidare opplevde ungdommane meistring i musikkgruppa. Oppleving av tryggleik i gruppa og støttande relasjonar førte til at ungdommane utvikla meistringstru og sjølvtillit. Det gjorde at dei våga å gå inn i nye samhandlingsformer i musikken, og at dei kunne oppdage nye sider og ressursar i seg sjølv og oppleve meistring. Ungdommane opplevde også tilhøyrsle ved musikken i musikkgruppa. Det handla både om ei opplevd tilhøyrsle til heimlandet, ei gryande tilhøyrsle til Noreg og det handla om oppleving av tilhøyrsle til musikkgruppa som fellesskap. Om det første nivået for tilhøyrsle, viser resultata at musikken hadde ein stadfestande funksjon med tanke på ungdommane sin identitet og oppleving av tilhøyrsle til heimlandet. Ungdommane si identitet og tilknyting til heimland vart anerkjend i relasjonane i gruppa. I tillegg minte musikken ungdommane om heimlandet. Denne påminninga vart av ungdommane skildra som både god og smertefull. Når det gjeld det andre nivået for tilhøyrsle, var musikken ledd i ungdommane si veksande oppleving av tilhøyrsle til Noreg. Ved kulturutveksling i musikken og ved mellommenneskelege møte i gruppa, spelte musikkgruppa ei rolle i ungdommane sin integrasjonsprosess. I samband med det tredje nivået for tilhøyrsle, opplevde ungdommane å delta i eit trygt og positivt gruppefellesskap. Eit fellesskap kor dei opplevde anerkjenning, støtte og meining. Studiens andre forskingsspørsmål etterspør helsekonsekvensane i ungdommane sine opplevingar. Dei positive opplevingane som ungdommane skildra kan alle sjåast i eit helseperspektiv. Traumemedviten omsorg, resiliensperspektivet, positiv psykologi, teori om psykososialt arbeid med einslege flyktningbarn, samt det ressursorienterte perspektivet på musikkterapien, er perspektiv i studiens teorigrunnlag og har til felles at dei handlar om kva som bygg ressursar, motstandskrefter og helse i mennesket. Ungdommane sine opplevingar frå musikkgruppa kan i ljos av desse perspektiva forståast som helsefremmande. Når det gjeld det tredje forskingsspørsmålet, kva ungdommane finn utfordrande i musikkgruppe, viste resultata to opplevde utfordringar: Uro for at musikkgruppas avslutning og manglande moglegheit for musikalsk utvikling. I analyseprosessen og i organiseringa av studiens resultat vart tre kategoriar konstruert: Musikkgruppa som arena for emosjonell endring, musikkgruppa som arena for meistring, og musikkgruppa som arena for oppleving av tilhøyrsle. Dei tre kategoriane har fleire vedliggande tema som alle reflekterer ungdommane sine opplevingar frå musikkgruppa. I kategorien musikkgruppa som arena for emosjonell endring ligg tema musikk som avleiing, musikk som kjelde til positive emosjonar, og musikk som ein veg til endra og utvida tankesett, i betydinga håp og optimisme. Kategorien musikkgruppa som arena for meistring omfattar temaet endra og utvida tankesett, i betydings meistringstru og endra sjølvoppfatning, og temaet relasjonens betyding. Kategorien musikkgruppa som arena for tilhøyrsle omfattar tema tilhøyrsle til heimlandet, tilhøyrsle til Noreg, og tilhøyrsle til gruppefellesskapet. Relasjonens betyding er eit gjennomgåande tema som er heimehøyrande i alle dei tre kategoriane. Det relasjonelle i gruppa, i betydinga kvaliteten og eigenskapar ved dei menneskelege relasjonane, er tolka som eit premiss for at ungdommane kunne oppleve emosjonell endring, meistring og tilhøyrsle i musikkgruppa. Til tross for at tema er organisert i skilde kategoriar, er kategoriane og dei vedliggande tema forstått som samanhengande. Ungdommane opplevde meistring og tilhøyrsle i musikken i musikkgruppa. Dette var erfaringar som skapa positive emosjonar i dei, emosjonar som glede, interesse og tilfredsheit. Dei positive erfaringane og emosjonane verka avleiande på uro og tankekjør, og dei endra og utvida ungdommane sin måte å tenkje på. Dette resulterte i eit meir optimistisk og positivt syn på eigen livssituasjon og framtid, samt at ungdommane fekk ei endra sjølvoppfatning med større meistringstru og sjølvtillit. Dette førte i alt til at ungdommane opplevde emosjonell endring når dei deltok i musikken i musikkgruppa. Det var dermed ei rekke samanhengande hendingar og opplevingar som førte til emosjonell endring for ungdommane. Samanhengen i tema resonnerer med studiens musikk- og menneskesyn. Mennesket blir rekna som eit handlande og opplevande subjekt og kan forståast både som ein organisme, som ein person og som eit samfunnsvesen. Musikk blir rekna som ein sosial aktivitet og det er i dei delte erfaringane at meining oppstår. Musikkens meining er difor forstått som subjekt- og kontekstavhengig. Musikk tilbyr vidare moglegheiter som menneske med si oppfatningsevne kan fange opp og nytte. Mennesket kan nytte, erfare og handle i musikk på måtar som gir helse. Alle tema som vart arbeid fram i analysen var moglegheiter som ungdommane oppfatta og nytta i musikken. Desse opplevingane har ved hjelp av studiens teoretiske referanseramme blitt tolka i eit helseperspektiv. Studiens resultat, og drøftingane av desse, fortel oss difor noko om musikkens mogleg rolle i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar.
Language: Norwegian Nynorsk
Field: Psychology
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2777043868
Cites: 82
Cited by: 6
Related to: 10