Work

Diskursive ressursar i rusarbeid - ein analyse av praksisforteljingar

Year: 2017
Type: dissertation
Abstract: Korleis profesjonsutøvarar forstår rusproblem, har avgjerande betydning for korleis\nhjelpetilbodet til personar med rusproblem blir utforma. Denne avhandlinga rettar merksemda\nmot korleis profesjonsutøvarar sine forståingar av rusproblem og rusarbeid er forankra i\nkulturell kontekst. Med utgangspunkt i eit diskursteoretisk perspektiv undersøkjer eg samspelet\nmellom kultur og profesjonsutøving ut frå følgjande overordna problemstilling:\nKva diskursive ressursar tek rådgjevarane i bruk når dei i praksisforteljingar gir meining til\nrusproblem og til rusarbeid, og kva klientposisjonar, hjelparposisjonar og former for rusarbeid\nblir produserte gjennom dei diskursive ressursane som blir analyserte fram?\nStudien er basert på totalt 41 forteljingsfokuserte intervju med 23 NAV-tilsette. Dei intervjua\nrådgjevarane arbeider på tre ulike NAV-kontor, og alle har på ulike måtar røynsle frå arbeid\nmed brukarar med rusproblem.\nPraksisforteljingane som er produserte i intervjua er analyserte ved hjelp av analytiske omgrep\neigna til å utforske sambandet mellom individ og kultur. Analysane gjer synleg kulturelle,\ndynamiske og naturaliserte forhold ved korleis rusproblem og rusarbeid blir gitt betydning.\nStudien gir innblikk i nokre av dei kulturelt situerte meiningssamanhengane profesjonsutøvarane\ntek i bruk, og syner korleis desse meiningssamanhengane får implikasjonar for kva\nposisjonar klientane blir tilbodne, for korleis profesjonsutøvarar forstår sin eigen posisjon, og\nfor korleis praksis blir forklart og legitimert.\nResultata av analysen blir presenterte i tre artiklar. I den første artikkelen spør eg korleis\ndiskursar om rusproblem knyter seg til diskursar om alder, og kva subjektposisjonar dette\ndynamiske samspelet produserer. Analysen viser korleis bruken av diskursar om alder bidreg\ntil korleis profesjonsutøvarane prioriterer og differensierer mellom brukarar, gir rusproblem og\nrusarbeid bestemte meiningsinnhald, konstituerer fenomen som ansvar og sårbarheit og gjer\ntilgjengeleg bestemte hjelpar- og brukarposisjonar.\nDen andre artikkelen utforskar kva fortolkingsrepertoar rådgjevarane snakkar innanfor når dei\nfortel om endring og mangel på endring i praksisforteljingane, og kva hjelparposisjonar som er\ntilgjengelege i dei fortolkingsrepertoara som blir analyserte fram. I artikkelen utforskar vi\nkorleis endring blir forstått, korleis nemninga blir fylt med innhald i profesjonsutøvarane sin\ntale. Artikkelen viser korleis forståingar av endring innverkar på hjelparens oppleving av\nsuksess og ansvar, for korleis rådgjevarane snakkar fram rusproblemet og for korleis\nprofesjonsutøvarane posisjonerer hjelparar og klientar.\nI den tredje artikkelen utforskar eg kva mønsterforteljingar om personar med rusproblem som\nblir tekne i bruk når rådgjevarane fortel om praksis, korleis desse mønsterforteljingane bidreg\ntil å gi rusproblem og rusarbeid bestemte meiningsinnhald, og kva plot og karakterar mønsterforteljingane\nproduserer. I artikkelen presenterer eg fire generaliserte forteljingar om klientar\nmed rusproblem med tilhøyrande plot, kodar og karakterar, og eg viser korleis desse\nforteljingane bidreg til å gi meining til hendingar og handlingar hjelparen erfarer, til å produsere\nklientidentitetar og til å forklare og legitimere praksis.\nAnalysane i avhandlinga gir samla sett innsikt i måtar profesjonsutøvarar tek i bruk kulturelt\nsituerte diskursive ressursar på. Analysane demonstrerer korleis oppfatningar av rusproblem og\nrusarbeid kontinuerleg blir presenterte og forhandla om på fleirtydige, dynamiske og personlege\nmåtar, samstundes som meining blir skapt i høve til kva som blir sett som gyldig og legitimt i\nden kulturelle og institusjonelle konteksten rådgjevarane inngår i. Avhandlinga gir også innsikt\ni korleis naturaliserte og innforståtte kulturelle oppfatningar er med på å gi rusproblem og\nrusarbeid betyding.\nVed å analysere rusarbeid og rusproblem på måtar som viser og overskrid naturaliserte og\ninnforståtte forståingar, gir avhandlinga eit refleksjonsgrunnlag som kan medverke til setje\netablerte forståingar under vidare utforsking og forhandling. Ved at studien nytter analytiske\ntilnærmingar som er lite representerte i forskinga på sosialt arbeid i Noreg, gir også avhandlinga\nmetodologiske bidrag til korleis forholdet mellom profesjonsutøving og kultur kan utforskast.\nAvhandlinga gir kunnskap som er relevant for forskarar, studentar, politikarar, leiarar,\nprofesjonsutøvarar og andre som har interesse for rusproblem og rusarbeid. Avhandlinga er\nogså relevant for dei som er interesserte i korleis diskursteoretiske perspektiv kan brukast i\nempiriske studiar.
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Epidemiology
Field: Medicine
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2891821909
Cites: 212
Cited by: 4
Related to: 10