Romanlesing i ungdomsskulen. Ein kvalitativ studie av seks 10. klassingar sine lesingar av romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010) av Helga Flatland.
Year: 2018
Type: dissertation
Abstract: Føremålet med denne avhandlinga er å undersøkja korleis arbeidet med ein romantekst verkar inn på unge lesarar. Eg har undersøkt 10. klassingar sine lesingar av romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010) skriven av Helga Flatland. Eg var interessert i å finna ut av både korleis dei opplevde å lesa denne teksten, men også å undersøkja kva språk dei nytta når dei snakka om romanteksten. I tillegg har eg sett på haldningane deira til å jobba med skjønnlitteratur i norskfaget generelt. For å finna ut av dette, har eg gjennomført intervju med seks 10. klassingar i etterkant av ei felles lesing av romanen i klassen deira. Som teoretisk rammeverk støttar eg meg til James Paul Gee (2008) sin diskursteori, der omgrepa primær- og sekundærdiskurs er sentrale. I tillegg er den lesarorienterte litteraturteorien med Wolfgang Iser (1988) og særleg Louise Rosenblatt (1995) sitt syn på kva litteraturundervising er, viktige i analysen. Eg ser også på materialet i ljos av J.A. Appleyard (1991) sine utviklingsstadum i det å bli ein skjønnlitterær lesar, med særleg fokus på ungdomslesaren, lesaren som tenkjar. Danning og literacy er sentrale omgrep i norskfaget, dei er også viktige i analysearbeidet mitt. Resultata viser at alle informantane har ein motivasjon for å jobba med tekst i norskfaget, og alle viser evne til å kunna snakka om den aktuelle romanen. Materialet viser at dei i stor grad brukar primærspråket sitt når dei snakkar om leseerfaringane sine. Gjennom primærspråket involverer dei seg med karakterane, dei brukar eigne erfaringar til å fylla tomrom i teksten, dei les med litterær fordobling og viser ei metaforståing om tekst og leseprosess. Dei har ei utforskande tilnærming til teksten. I tillegg viser datamaterialet at elevane hugsar få tekstutdrag og noveller dei les, noko som også samsvarer med tidlegare undersøkingar gjort av m.a. Penne (2006) og Skarstein (2013). Tidsbruk, kontekst, tilnærmingsmåte og undervisingsmetode er viktige faktorar for kva elevane sit att med. Å lesa i eit fellesskap er verdifullt for elevane, og dei meiner at dei vidareutviklar eigne lesingar av å lytta til kvarandre. I diskusjonen stiller eg spørsmål ved om det i norskfaget er for lite anerkjenning av elevane sitt primærspråk i arbeidet med skjønnlitteratur, og eg ser på tilhøvet mellom lesing som utforsking, språk og danning i ljos av elevytringane.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Ingvild Birkenes
Institution: University of Bergen
Language: Norwegian
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2913765291
