Work

Rørsleglede i kroppsøvingsfaget - Ein kvalitativ studie av elevar sine erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget.

Year: 2018
Type: dissertation
Abstract: Denne undersøkinga rettar seg mot føremålet om livslang rørsleglede i kroppsøvingsfaget. Det er\nelevar sine erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget eg har vore interessert i å undersøke, og\nproblemstillinga for oppgåva lyder som følgjer: Kva erfaring har elevar, som er på siste året i den\ntrettenårige grunnutdanninga, hatt med rørsleglede i kroppsøvingsfaget? Resultata frå analysen er\npresentert i eitt kapittel, der det har vakse fram fem hovudkategoriar knytt til deira erfaringar med\nrørsleglede: Få til; Innhald og lærdom; Positive kjensler; Å vere saman; Bli sett;\nKroppsøvingslæraren.\nStudiet er av kvalitativ art. Det har vorte gjennomført kvalitative forskingsintervju med totalt åtte\nelevar. Dei går alle siste året på ein vidaregåande skule på studiespesialiserande studieretning. Den\nkjønnsmessige fordelinga i utvalet er fire gutar og fire jenter, og ingen av informantane har same\nheimstad.\nSjølvbestemmingsteorien, flow theory, litteratur om rørsleglede og kroppsøvingsfaget har danna ei\nteoretisk ramme for studien. Denne teorien vert nytta for å prøve å gje ei forklaring på korleis\nrørsleglede vert erfart av elevane i kroppsøvingsfaget, noko som vert presentert i resultat og\ndiskusjonskapittelet i slutten av oppgåva. Resultata frå studien viser at elevane har relativt like\noppfatningar av rørsleglede, men svært ulike erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget.\nElevane uttrykker delte haldningar til faget, der somme av dei opplever rørsleglede i og utanfor\nfaget, medan andre finn det vanskeleg. Dei fem presenterte kategoriane er faktorar som påverkar\nelevane si rørsleglede. I korte trekk: For at elevane skal oppleve rørsleglede i faget er det viktig at\ndei opplever meistring i den utvalde aktiviteten. Dei ynskjer meir medbestemming og variasjon i\nundervisninga, noko som kan vere med på å gje dei meir av dei positive kjenslene av å vere i\naktivitet. Informantane set fellesskapet høgt i kroppsøvingsfaget og dei synest det er kjekkare å vere\ni aktivitet saman med andre enn åleine. For at alle desse ynskja skal verte innfridde, er det til slutt\nnaudsynt med ein kroppsøvingslærar som ser kvar einskild elev og gruppa som heilheit.
Author: Tone Harboe
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2945105580
Cites: 49
Cited by:
Related to: 10