Work

Kva erfaringar har mødre med amming etter tidleg heimreise? Ein Scoping review

Year: 2019
Type: dissertation
Study design: Systematic Review
Abstract: Bakgrunn: Opphaldet på barselavdelingane er i endring, internasjonalt og i Norge. Kvinner reiser heim 6-48 timar etter fødsel. Hensikt: Studien kartlegg forsking som er gjort rundt mødre sine erfaringar med amming og tidleg heimreise etter fødsel. Problemstillinga: Kva erfaringar har mødre med amming etter tidleg heimreise? Ein Scoping review. Metode: Metoden i studie er scoping review. Hensikta er å finkjemme store områder for relevant kunnskap, for å presentere oversikt av tema på feltet. Inklusjonskriteriane: internasjonal og skandinavisk forsking, kvinner og born med heimreise frå 6-72 timar. 9 databaser; Epistemonikos, SweMed+, Academic search elite m/Cinahl, Medline Ovid, Oria, Embase via Ovid, Cochrane Library og Johanna Briggs Institute EBP og Cinahl EBCSCO. Resulterte i 11 forskingsartiklar. Resultat: 4 tema: Tryggleik i eigen heim, Tryggare på sjukehuset og kontakt med helsepersonell, Usikkerheit knytt til amming, og Viktige faktorar for å klare amminga. Konklusjon: Tidleg heimreise har ikkje innverknad på amminga så lenge det er lagt til rette for støtte, hjelp og rettleiing frå helsepersonell. Nøkkelord: Amming, tidleg heimreise, erfaring, profesjonelt helsepersonell, postpartum
Language: Danish
Subfield: Epidemiology
Field: Medicine
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2967271372
Cites: 24
Cited by:
Related to: 10