Work

-'Vel' er vel vel, vel? -Vel, vel

Year: 2017
Type: book-chapter
Abstract: Vel' er vel vel, vel? -Vel, vel AV TORIL OPSAHL Innleiing Kjell sprang oppover trappa.Så rørte han ved spikeren og -så hadde han glemt hva han skulle si.«Hva var det jeg skulle si?» ropte han ned til Pelle.«Killevippen vel,» sa Pelle.«Killevippen vel,» sa Kjell til spikeren.Men ingenting hendte.«Æsj, du skal si bare killevippen,» ropte Pelle der nede fra.«Bare killevippen,» sa Kjell.Ingenting hendte.«Nei, nei,» skrek Pelle.«Du må ikke si noe annet enn killevippen.»Da endelig forstod Kjell det, og så sa han killevippen og ble stor igjen, og det gikk så fort at han slo hodet i sengebunnen.(Astrid Lindgren: Per Pusling flytter inn (omsett av Solveig Blom), Oslo: Tiden, 1957)Astrid Lindgren si forteljing om Per Pusling gjorde inntrykk på meg som barn.Eg hugsar særleg godt den scena der Kjell ikkje kjem i hug korleis han kan vekse og krympe i storleik for å kome seg opp og ned i den vesle heimen Per Pusling har leigd av ei lita mus.(For deg som måtte lure: Vegen til suksess er å seie «killevippen» medan ein rører ved ein spikar ved sida av museholet.)Scena er attgjeve i utdraget ovanfor og syner at det ikkje alltid er like enkelt å hanskast med dei konvensjonane som er knytte til ordbruk.Det er ei spenning mellom eit metalingvistisk nivå og eit pragmatisk nivå, mellom å nemne eit ord og å bruke eit ord, som skaper den komiske effekten, saman med brot mot konvensjonar for bruken av ordet 'vel', som er skapte over tid gjennom gjentakande kommunikative hendingar.Det kjennest mest sjølvsagt at semantiske og grunnleggjande grammatiske kjenneteikn ved ord er noko vi kan finne informasjon om i ei ordbok.Gjeld det òg dei uttrykka som ikkje berre «tyder noko» (om dei det heile tatt gjer det), men som ser ut til å regulere sjølve kommunikasjonssituasjonen? I denne artikkelen vil eg freiste å argumentere for eit mest utvitydig «ja», ikkje minst i ordbøker som har som mål å skildre og dokumentere talespråk.Det er særleg i talespråket at vi finn dei uttrykka som tydeleg peiker til kontekstuelle tilhøve, i det konkrete møtet mellom dei som kommuniserer, det dei kommuniserer om og den verksemda dei er del av, der og då.At språket sine dialogiske eigen-211 -'VEL' ER VEL VEL, VEL? -VEL, VEL
Author: Toril Opsahl
Language: Norwegian
Open Access status: green
OpenAlex ID: W3211237490
FWCI: 5.688
Cites: 9
Cited by: 1
Related to: 10