Work

All kulturpolitikk er instrumentell

Year: 2008
Type: book-chapter
Abstract: Blant kunstnarar, kulturarbeidarar av ulike slag og også blant kulturpolitikkforskarar møter ein ofte det synspunktet at politikarane har ”instrumentalisert” kulturen og gjort han til eit middel eller ein reiskap for å oppnå andre samfunnsmål, f. eks. å styrke eit lokalmiljø, å skapa økonomisk eller regional utvikling, å skapa arbeidsplassar, å mobilisere folk politisk eller – i dei seinare åra – å fremja folks helse gjennom kulturopplevingar. Mange er skeptiske til denne forma for økonomisk eller sosialt instrumentell kulturpolitikk og etterlyser ein kulturpolitikk for kulturen og kunstens eiga skuld, som dei oppfattar som ein ikkje-instrumentell kulturpolitikk. I denne artikkelen kjem eg til å argumentere for at tanken om ein ikkje-instrumentell kulturpolitikk – politisk sett – er ulogisk. Det finst berre kulturpolitikkar med ulike instrumentelle motiv.
Language: Norwegian
Subfield: Urban Studies
Open Access status: green
OpenAlex ID: W392391528
FWCI: 2.703
Cites:
Cited by: 17
Related to: 10