Det trygge i det utrygge: Eit kasusstudie av opplevinga av undervisningspraksis i leiarutvikling på Luftkrigsskolen
Year: 2012
Type: dissertation
Abstract: ForordDette er toppen, toppen av det høgaste fjellet eg nokon gong har gått opp.Eg alltid sett det som ein spennande topp i det fjerne, og etter å ha gått over utallige mindre åsar endte eg opp ved foten av Masterfjellet for fem år sidan.I tre år etter bestiginga av Bacheloråsen vart det utført grundige vurderingar i risiko, intellektuell kapasitet, økonomisk likviditet, pedagogisk kompetanse og sosial støtte, før prosjektet vart konkludert til å være den ultimate utfordringa.Reisa kunne starte.Undervegs har eg løpt etter tusenvis av sommarfuglar, plukka hundrevis av blomar og drukke av dusinvis av visdomskjelder.Eg har hatt blødande gnagsår av for mykje tenking og svimla av høgdesjuke i kjensle av å være på eit nivå langt over mi proksimale utviklingssone.Eg har gått meg vill i kratt av ulike forskingsparadigmer, og nær drukna i elva Sanning.Eg har jubla over overdådige solnedgangar farga med vitskaplege artiklar og nye teoriar i min pedagogiske horisont.Sjølv om turen er noko av det mest einsame eg har gjort, har eg slett ikkje gått aleine, men med ein liten hær av sherpaer som har vist veg, bore bagasje og ilt til med energidrikkar i dei brattaste partia: Kristian Firing delte ut kartet til Luftkrigsskolen, viste kor hovudvegen opp gjekk og sto på toppen og vinka når eg kom fram.Takk for dine inspirerande forelesingar, anerkjenning og engasjement.Tilsette og kadettar på Luftkrigsskolen; takk for at eg fekk komme innanfor portane og være fluge på veggen.Særskild takk til de seks som brukte ein time av tida dykkar på å dele erfaringar og opplevingar av den kvardagen de er ein del av, og tok risikoen med å bli gjenstand for fortolking.Takk, Ragnheidur Karlsdottir for di lange erfaring, evne til å løpe i forvegen og sette opp moglege ruter og etterretteleg sjå til at hovudlykta vart slått på under nattevandringane.6491, kontoret med gjester; takk for eihjelpande hand og plaster alle dei gangane eg snubla, takk for «definerte pausar», søtmat og vaffelfredagar.Alle de signifikante, vener og familie, som tolmodig har løfta blikket mitt for å hugse å nyte utsikta undervegs, halde ut og gitt håp om ei framtid etter turen, har mi djupaste takksemd.Dette arbeidet har vore ei oppleving utan sidestykke, og lidinga undervegs og lukka over å ha nådd målet har gjort det heile til eit eventyr av dei store.Eg har forsert mitt Everest.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Ida Lervik Midtbø
Institution: Norwegian University of Science and Technology
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Keywords: teacher professional development, teaching practice, military education, military cadets, flight instructors, teacher identity, professional development, military aviation training, teacher self-efficacy, teacher self-concept, teacher confidence, teacher self-doubt, teacher self-criticism, teacher self-compassion
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W424126607
