Year: 2025
Type: article
Abstract: Etter at rettssaka mot Hans Nielsen Hauge var sluttført i 1814, følgde ei tid med aukande tillit mellom presteskapet og det vakte lekfolket. Men mot slutten av 1820-åra såg kyrkjeleiinga igjen grunn til å vere på vakt mot krefter som kunne verke splittande. I denne artikkelen er søkelyset retta mot tilhøvet mellom presteskap og lokale vekkingsmiljø. Kjeldematerialet er i hovudsak knytt til Valle i Setesdal, ei bygd som utan tvil hadde sitt kulturelle særpreg. Motsetningane som utspela seg her, har like fullt parallellar i andre lokalsamfunn og kan på eit overordna plan seie noko meir allment om den tidlege lekmannsrørslas historie. Eit sentralt tema er samspelet mellom nasjonalt og lokalt nivå i utforminga av kyrkjeleg strategi. Når vi i siste del av artikkelen kjem inn på ettertidas fortolking, er også dette eit felt der lokal tradisjon må haldast opp mot eit vidare rammeverk for historieforteljing.
Source: Heimen
Author: Bjørg Seland
Institution: University of Agder
Language: Norwegian
Subfield: History
Field: Arts and Humanities
Domain: Social Sciences
Open Access status: diamond
OpenAlex ID: W4409076475
