Heilklassesamtalar i førsteklasse
Year: 2017
Type: dissertation
Abstract: Bakgrunnen for dette masterprosjektet er eigne erfaringar og tidlegare forsking. Elevar i førsteklasse\ner berre seks år gamle, og er nye i skulekulturen. Her skal elevane tilpasse seg skulekvardagen og bli\nein del av skulekulturen. Det er ikkje sikkert at alle elevar som kjem inn i skulen kan lese og/eller\nskrive. I førsteklasse blir derfor samtale og kommunikasjon eit viktig verktøy. Forsking har sett på\nheilklassesamtalar i høgare klassetrinn knytt til fag, og funna visste at det er læraren som har\nmesteparten av ordet i klasserommet. Samtidig føreligg det inga kjend forsking på heilklassesamtalar\ni førsteklasse, og dette er noko eg ønskjer auka innsikt og kunnskapar om. Formålet med denne\nmasteroppgåva er å få auka innsikt og kunnskap om heilklassesamtalen i førsteklasse.\nStudien søkjer å finne ut kva som kjenneteiknar heilklassesamtalen i førsteklasse, og kva erfaringar\nog oppfatningar læraren har med planlegging og gjennomføring av denne samtalen. Vidare har\nstudien sett på to ulike klasserom, og har eit kvalitativt design. Observasjon og semistrukturert\nintervju har vore nytta som metodereiskap. Observasjonane er primærfunn for analyse, medan\nintervjua er meint som eit påfyll til observasjonane, der lærarane hadde moglegheit til å kommentere\nog utdjupe. Tidlegare forsking gir eit verdifullt bilete på korleis heilklassesamtalar kan gå føre seg i\nhøgare klassetrinn, men inga kjent forsking har gått inn å sett på heilklassesamtalen i førsteklasse.\nGjennom observasjonane og informantane sine stemmer og handlingar, har studien løfta fram seks\nulike kategoriar som kjenneteiknar heilklassesamtalen i førsteklasse. Dei seks kategoriane er\nspørsmål-svar-sekvensar, instruksjonar, korrigering av åtferd, verdsetjing av elevinnspel, tapte\nmoglegheiter og når samtalen tek ei anna retning. Desse har blitt drøfta i lys av teorien og tidlegare\nforsking på området. Analysen syner også at heilklassesamtalen, i begge klasseromma, er\nkjenneteikna av dei seks kategoriane, men at lærarane har individuelle og eigne måtar å praktisere\nsamtalen på. Dette kjem til uttrykk gjennom observasjonane og lærarane sine tankar, oppfatningar\nog erfaringar.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Marianne Lerum Lund
Institution: Western Norway University of Applied Sciences
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Keywords: first grade, classroom discourse, teacher discourse, teacher planning, teacher experiences, classroom culture, student participation, reading and writing readiness, primary education, teacher-student communication, classroom climate, classroom diversity, student motivation, student self-confidence, student self-esteem, student self-regulation
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W6982161334
