Naturen som arena for utforsking og læring av naturfaglege tema i barnehagen og i barneskulen
Year: 2021
Type: dissertation
Abstract: Barn lærer best når læringa tek utgangspunkt i noko barna sjølve er interesserte eller engasjerte i, og når dei får ta aktivt del i eigen læringsprosess. Naturen er ein arena som synest å stimulerer barn si nysgjerrigheit for naturfaglege tema, både i barnehagen og i skulen. Det er også ein arena der det ligg godt til rette for at barn kan ta aktivt del i eiga læring m.a. gjennom å ta del i utforskande aktivitetar. Samstundes viser forsking at ein i barnehagen i liten grad klarar å utnytte barna sine oppdagingar og opplevingar ute i naturen på ein slik måte at ein legg til rette for gode læringssituasjonar. I skulen opplever ein at elevar si interesse for naturfag minkar med alderen. \n\nI denne doktorgradsavhandlinga undersøker eg korleis lærarar i barnehagen og i barneskulen kan stimulere til og følgje opp barn si nysgjerrigheit over og utforsking av naturfaglege tema ute i naturen slik at barna utviklar ei djupare interesse for og kunnskap om naturfaglege tema. Avhandlinga omfattar tre artiklar som presenterer resultat frå tre ulike undersøkingar som rettar fokus mot, og belyser ulike aspekt rundt hovudproblemstillinga. I den første artikkelen er hovudfokus retta mot utforskande naturfaglege samtalar, i den andre artikkelen vert barn sine naturfaglege spørsmål undersøkt, medan i den tredje artikkelen er fokus retta mot korleis barn si interesse for naturfaglege tema utviklar seg. Alle dei tre undersøkingane tek utgangspunkt i barn som engasjerer seg i og tek del i ulike utforskande aktivitetar knytt til naturfaglege tema ute i naturen, og der barna er i samhandling og dialog med lærar og/eller andre barn. \n\nDatamaterialet som ligg til grunn for dei tre studiane omfattar observasjonar og videoopptak med tilhøyrande transkript frå totalt to barnehagar (4-6-åringar) og seks skular (2.-4. trinn) i Sør-Noreg ein dag barnegruppene og klassane hadde fokus på naturfaglege tema ute i naturen. Data er samla inn ved hjelp av actionkamera festa til overkroppen til tre barn og lærarar i kvar barnehage og skule. Datamaterialet i artikkel II som omhandlar 3. og 4. trinn i skulen er innhenta av medforfattar Eli Munkebye, og er i form av lydopptak innhenta ved hjelp av lydopptakar festa til lærar. \n\nGjennom denne doktorgradsstudien kjem det fram at for at barn som tek del i utforskande aktivitetar ute i naturen skal utvikle naturfaglege kunnskapar og interesse for naturelementa dei oppdagar og utforskar, er det avgjerande at læraren gir barna både tid og høve til å få førstehandserfaringar med naturelementa. Det er då viktig at læraren og kan stimulere barna til utforsking og undring, ettersom det i denne studien kjem tydeleg fram at både barna sine førstehandserfaringar og eigne naturfaglege spørsmål er sentralt i barna si kunnskapsbygging. \n\nDet er og sentralt at læraren presenterer ny faktakunnskap for barna, og koplar denne til barnet sine tidlegare erfaringar og kunnskapar, t.d. gjennom utforskande samtalar. Naturfaglege faktakunnskapar kan t.d. presenterast i form av tilleggsinformasjon eller ved å svare på barn sine spørsmål. Samstundes viser funna i denne avhandlinga at det er avgjerande at læraren kan kjenne att kva interessefase barna er i, ettersom kva støtte barnet treng (i form av fagleg ekspertise og sosial og kognitiv kongruens), varierer mellom dei ulike fasane. Funna i denne studien viser og at naturen kan vere ein god arena for å legge til rette for gode læringssituasjonar med utgangspunkt i barna sine eigne funn, oppdagingar og interesse. \n\nDenne avhandlinga bidreg med kunnskapar som vil vere av betyding for lærarar i barnehagen og i barneskulen som ønsker å legge til rette for at barna si utforsking av plantar, insekt og andre naturelement også skal auke barna sine naturfaglege kunnskapar om og interesse for naturelement.
Author: Skalstad, Ingunn
Language: Norwegian
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W6983659156
