Work

Utvikling av sosial kompetanse og skuleprestasjonar hos internasjonalt adopterte born i småskulealder

Year: 2017
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Utvikling av sosial kompetanse og skuleprestasjonar hos internasjonalt adopterte born i småskulealder. Bakgrunn og føremålInternasjonalt adopterte born har ein bakgrunn som gir eit anna grunnlag for utvikling samanlikna med ikkje-adopterte born.Deira fyrste levetid er ofte prega av vanskelege forhold, som gir grunn til å tru at kan ha ei uheldig påverking på adopterte born si seinare utvikling på fleire områder.Trass i dette, viser det seg at adopterte born stort sett klarer seg bra seinare i livet.Nokre adoptivborn visar likevel noko forseinka utvikling av sosiale-og kognitive dugleikar samanlikna med ikkje-adopterte born.Adopsjon er ein intervensjon som gir mange born nye utviklingsmoglegheiter, og forsking konkluderer med at adopsjon er det beste omsorgstiltaket når biologiske foreldre ikkje er i stand til å ta seg av barnet sjølv.Føremålet med oppgåva har vore å undersøke internasjonalt adopterte born si utvikling av sosial kompetanse frå 4-8 år, og samstundes undersøke samanhengen mellom sosial kompetanse og skuleprestasjonar hos adopterte-og norskfødde born.Problemstillingane har vore: "Korleis er adopterte born si utvikling av sosial kompetanse frå 4 til 8 år?" "I kva grad er det samanheng mellom sosial kompetanse og skuleprestasjonar hos adopterte og norskfødde born i 1. og 3. klasse?"Metode og analyse Datamateriale i undersøkinga er henta frå forskingsprosjektet "Internasjonalt adopterte barns sosiale utvikling" og det utvida skuleprosjektet "Utenlandsadopterte barn på skolen -en oppfølgingsstudie".VII Undersøkinga har ei kvantitativ tilnærming med spørjeskjema som metode.Ved 4-års alder har barnehagelærarar vurdert til saman 81 internasjonalt adopterte born.Frå 1. klasse var det 95 adopterte born som blei vurdert av lærarar, samt ei kontrollgruppe med 90 norskfødde born.Kontrollgruppa var born som gjekk i same klasse som dei adopterte borna.I 3. klasse inngjekk 79 adopterte born, og ei kontrollgruppe med 73 norskfødde born.Dataprogrammet SPSS (Statistical Package for Social Sciences) har blitt brukt for å bearbeide innsamla data frå undersøkinga.Resultata blir presentert gjennom tabellar. Resultat og konklusjonAdoptivborna viser ei positiv sosial utvikling av sjølvhevding og sjølvkontroll frå 4 til 8 år.Frå 6 til 8 år er det ein liten nedgang på området samarbeid.Det er særskild evna til samarbeid som bidreg til å forklare spreiing i skuleprestasjonar både i 1. og 3. klasse, som kan ha samanheng med at det er ein dugleik som er høgt verdsatt av lærar i klasserommet (Gresham & Elliott, 1998;Ogden, 1995).Eit interessant funn i undersøkinga, var at resultata viste ein negativ samanheng mellom sjølvkontroll og skuleprestasjonar både i 1. og 3. klasse.Det kan ha samanheng med at spørsmåla om sjølvkontroll i denne undersøkinga, er nært knytt til korleis borna reagerer i møte med jamaldringar.Studiar viser at det å vere skulefagleg flink ikkje alltid blir verdsatt av medelevar (Idsøe & Skogen, 2011;Sørlie, 1998). VIII ForordFørst og fremst vil eg takke min rettleiar Monica Dalen.Ho har rettleia meg stødig gjennom oppgåva med fagleg engasjement, innspel og oppmuntring.Vidare ynskjer eg å takke forskargruppa som består av Monica Dalen, Anne-Lise Rygvold og Steinar Theie for lærerike seminar, samt at eg fekk moglegheit til å bruke data frå forskingsprosjektet.Vidare vil eg takke foreldre og systera mi for korrekturlesing av oppgåva og konstruktive innspel og tilbakemeldingar på innhald og struktur.Til slutt vil eg takke Torbjørn Andreas, for omsorg, gode ord og støtte.
Author: Marie Hunnes Lodden
Institution: University of Oslo
Language: Norwegian Nynorsk
Open Access status: green
OpenAlex ID: W6987932680
Cites: 27
Cited by:
Related to: 10