Halde fram med matte eller ikkje? Ei kvalitativ undersøking av faktorar som har påverka val av matematikkfag i vidaregåande skule for elevar som no går Vg3 studiespesialisering
Year: 2019
Type: dissertation
Abstract: I denne masteroppgåva ser eg på faktorar som har påverka val av matematikkfag for elevar som går utdanningsprogram for studiespesialisering. I kunnskapsgrunnlaget tek eg føre meg teori og forsking knytt til desse vala, og til ein del aktuelle faktorar som kan påverke elevane sine val. \nProblemstillinga for denne oppgåva har vore: Kva faktorar har påverka val av matematikkfag i vidaregåande skule for elevar som no går Vg3 Studiespesialisering? \nNår vi veit meir om faktorane som påverkar vala, kan vi få ei betre forståing for kva som skjer i denne valprosessen. Dermed kan både lærarar og rådgjevarar verte ei betre støtte for elevane når desse vala skal gjerast. Kanskje vil ein kunne sjå om det er noko ein kan gjere for å stimulere til auka rekruttering innanfor matematikkfaga og dei andre realfaga, noko det også har vore eit politisk fokus på siste åra.\nFor å finne svar på problemstillinga har eg valt ei fenomenologisk tilnærming. Det har vore gjennomført kvalitative, semistrukturerte, retrospektive intervju med Vg3 elevar, der temaet var kva faktorar som var med på å avgjere kva matematikkfag dei valde på Vg1, Vg2 og Vg3. \nEg fekk informere fire ulike klasser om prosjektet mitt, og dei som ynskte å delta, melde frå om dette til meg. Det vart såleis eit tilfeldig utval elevar som vart intervjua.\nResultata i undersøkinga er i samsvar med tidlegare forsking og teori, og understrekar at faktorar knytt til høgare utdanning er dei faktorane som ser ut til å ha medverka sterkast for flest elevar. Nokre elevar trekte fram krav til spesielle fag for å kome inn på spesielle studium, medan andre fortalde om høge karakterkrav på studium dei ynskte å gå etter vidaregåande. Elevane hadde diskutert vala i heimane, og fleire av jentene hadde også snakka med vener om desse vala. Det som overraska meg mest ved kven elevane hadde diskutert vala med, var at ingen fortalde at dei hadde diskutert fagvalet med faglærarane sine. Desse hadde berre bidrege med informasjon. Ein del av elevane hadde gjort omval undervegs, og nokre hadde også endra syn på kva matematikkretning som var den rette for dei.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Linn Janett Driveklepp Øye
Institution: Volda University College
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Applied Psychology
Field: Psychology
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W6991461088
