Kva er det i (skule)kvardagen som kan fremje god psykisk helse? Ein kvalitativ studie i samarbeid med ungdom ved bruk av fotostemme
Year: 2020
Type: dissertation
Abstract: Psykisk helse og trivsel er viktige områder innanfor folkehelse og helsefremjande arbeid. Dei siste åra har ungdom i aukande grad rapportert at dei opplever psykisk plager og stressrelaterte symptom. Psykisk helsefremjande arbeid er prega dei positive aspekta ved psykisk helse, då eit einsidig fokus på negative faktorar kan vere med å problematisere normale reaksjonar og kjensler. Samstundes som psykisk helse får meir merksemd er også medverknad vorte eit populært omgrep. Vår studie byggjer på lovar, metodologi og teori som fokuserer på ungdom sine styrker og ressursar, ungdom si rett til å fremje sine perspektiv og relasjonen mellom ungdom og deira kontekst. Slik er denne studien også politisk og demokratisk forankra. Denne studien fann stad i ei mellomstor bygd på vestlandet der fotostemme vart utført saman med åtte medforskarar i alderen 15-18 år. Innanfor dei førehandsbestemte rammene, psykisk helse og helsefremjing, danna medforskarane forskingsspørsmålet: Kva er det i (skule)kvardagen som kan fremje god psykisk helse? Medforskarane tok fotografi for å svare på dette, utførte tematisk nettverksanalyse med fotografia som datamaterial, for så å reflektere over funna. Transkriberte lydopptak frå dei tre gruppemøta vart brukt til å skildre prosessen. Medforskarane identifiserte ulike lyspunkt i kvardagen under temaa: sosialt, avbrekk frå stress og meistringskjensle og kvardagskos. Sjølv med eit fokus på dei positive aspekta, var medforskarane sin frustrasjon over korleis stress og press la ein dempar på desse framståande.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Anita Finne
Institution: University of Bergen
Language: Norwegian Nynorsk
Field: Medicine
Domain: Health Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W6992244466
