Lærarar sin bruk av tilbakemeldingar i norskfaget – korleis fremjar dei elevar sin skrivekompetanse?
Year: 2017
Type: dissertation
Abstract: Samandrag\nTemaet for denne oppgåva er lærarar sin bruk av skriftlege tilbakemeldingar i norskfaget og om dei har mål om å auke elevar sin skrivekompetanse. Interessa er lagt til ulike faktorar innanfor tilbakemeldingspraksis og korleis lærarar gir skriftlege tilbakemeldingar på elevtekstar. \nProblemstillinga for studien er: Korleis nyttar eit utval lærarar skriftlege tilbakemeldingar, og på kva måte hjelper dei elevar på 6. og 7. trinn til å auke skrivekompetansen sin?\nTilbakemeldingar og bruk av undervegsvurdering i skulen har vist seg å ha stor effekt på læring. Lærarar bør ha som mål å auke kompetansen til elevane noko som krev at lærarane har kunnskap om og kompetanse i tilbakemeldingsgiving. OECD- studien TALIS syner at den norske skulen har ein svakt utvikla oppfølgingskultur og at tilbakemelding og valuering ofte manglar (Vibe, Aamodt, & Carlsten, 2009, s. 9 s.13). Dette er ein av grunnane til at eg ynskjer å sjå på lærarar sin tilbakemeldingspraksis. Målet med denne oppgåva er å rette merksemd mot lærarar sin tilbakemeldingspraksis og elevar si skriveopplæring.\nDenne studien er basert på ein kvalitativ tilnærmingsmetode. Fire lærarar er intervjua om vurderingspraksisen sin, og det er samla inn elevtekstar med tilhøyrande skriftlege tilbakemeldingar frå tre av informantane.\nResultat i mi undersøking kring lærarane sin tilbakemeldingspraksis stemmer også med funn frå studien TALIS. Lærarane seier dei er opptatte av å gi innhaldsrike og rettleiande tilbakemeldingar, men kvaliteten på tilbakemeldingane i denne studien syner at nokre tilbakemeldingar er læringsfremjande, medan andre ikkje er hjelpande for elevane si utvikling av skriving. Lærarane meiner dei tilpassar tilbakemeldingane etter elevnivå, men resultata syner at ein lærar tilpassar, ein tilpassar ikkje, og ein gir mindre innhaldsrike tilbakemeldingar på tekstar som blir vurdert til å ligge på låg måloppnåing. Lærarane legg mest vekt på rettskriving i tilbakemeldingane dei gir, men tekstoppbygging og innhald blir kommentert i stor grad. Språkbruk, kommunikasjon og teiknsetjing blir kommentert i mindre grad.\nResultata i studien syner at lærarane i undersøkinga meiner at dei har eit mål om å hjelpe elevane til å auke skrivekompetansen sin, men at dei ikkje medvitne arbeider med dette i tilbakemeldingspraksisen sin.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Magnhild Oline Taraldset
Institution: Volda University College
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Keywords: teacher feedback, written feedback, writing skills, Norwegian language teaching, junior high school, formative assessment, feedback practices, student writing, TALIS, student motivation, student self-assessment, peer feedback, student participation, student independence, student responsibility
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W6992471844
