Mellomtrinnslærarar sin bruk av videorespons på tekst i norskfaget. «Eg fekk sagt mykje meir enn det eg hadde orka å skriva til elevane»
Year: 2020
Type: dissertation
Abstract: Det er forventa av lærarar at dei nyttar varierte former for vurdering av elevane si læring i digitale omgivnader på måtar som bidreg til å utvikla elevane si læringslyst, læringsstrategiar og kompetanse til å læra. Formålet med dette kvalitative forskingsprosjektet har vore å undersøkja korleis tre norsklærarar brukar videorespons på tekst på mellomtrinnet og analysera deira erfaring i lys av relevant responsteori. Problemstillinga eg ønska å søkja svar på var: Korleis bruker tre norsklærarar på mellomtrinnet videorespons som vurderingsverktøy? \n\nForskingsprosjektet tek utgangspunkt i empiri som består av seks videoresponsar og eit utfylt spørjeskjema. Hovudmaterialet er dei seks videoresponsar frå norsklærarane, medan norsklærarane sine skriftlege svar på det digitale spørjeskjemaet fungerer som eit supplerande materiale som kan styrka og tydeleggjera norsklærarane sin bruk av videorespons på tekst. \n\nAnalysane viser blant anna at norsklærarane i stor grad utøvar relasjonsbygging og stillasbygging gjennom videorespons, og dei har gitt responskommentarar på både globale og lokale nivå i elevteksten. Erfaringane norsklærarane gjorde seg var blant anna knytt til at videorespons gav moglegheit for å kunna gi fleire og meir detaljerte responskommentarar, dei kunne peika i teksten og spegla teksten tilbake til eleven. Det blei også løfta fram at elevane var svært positive til denne form for respons. \n\nFunna gir grunnlag for å framheva at norsklærarane utnyttar den modale affordansen til videorespons, både til å fremja skrivemotivasjon og til å støtta elevane i skrivefasen og revisjonsfasen, men at det kan vera ein fare for at responsen sklir ned på lokale nivå tidleg i skriveprosessen. Avslutningsvis blir det drøfta kva som skal til for at lærarar skal ta i bruk digitale vurderingsverktøy.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Torbjørg Lekve
Institution: University of Stavanger
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Keywords: video feedback, Norwegian language teaching, junior high school, teacher experiences, response theory, writing motivation, writing process, peer feedback, digital assessment tools, teacher-student relationship, student self-assessment, student self-regulation, student self-efficacy, student self-confidence, student self-esteem, student self-determination
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W6992763521
