Work

Plastforureining i marine miljø : økologiske effektar og forvalting av plastavfall på avvege

Year: 2014
Type: dissertation
Abstract: Forbruket av plast har vore sterkt aukande sidan 1950-talet. At plast er eit lett og sterkt materiale har vore viktig for denne utviklinga. Desse eigenskapane gjer også at plast vert eit problem når den ikkje verte teke hand om på rett måte. Ei nedbrytingstid som kan vere på mange hundre år, gjer at plasten vert verande i miljøa i særs lang tid. Sjølv om kjeldene til plastforureining er mange, er det sentrale prinsippet bak plastforureining at ein ikkje tek hand om plastavfall på ein forsvarleg måte. I dag utgjer plast storparten av marin forsøpling. Gjennom «Manila -erklæringa» i 2012 karakteriserte FN marin forsøpling som eit globalt problem som trugar marine habitat og artar, og som ein har undervurdert effekten av. Allereie på 1970-talet stadfesta ein at det var plastpartiklar i sjøvatn og at fisk hadde plastpartiklar i mageinnhaldet. I laboratorieforsøk påviste ein at pattedyr tok opp plastpartiklar frå mageinnhaldet, og at ein sidan kunne påvise plast i blod, vev og morsmjølk. På 1970-talet kom også dei første konvensjonane som skulle beskytte dei marine miljøa frå plast frå dumping til havs. Desse tiltaka har ikkje vore tilstrekkelege, og dei seinare åra har temaet igjen kome på banen. Medan effektane av dei store plastobjekta på marint dyreliv er kjente, og omfattar kuttskader, fastsitting, spøkelsesfiske og blokkering av fordøyingssystem, er effektane av mikroplast dårlegare kartlagt. Mikroplasten oppstår når plast vert fragmentert eller gjennom produksjon og bruk av mikroplast til ulike føremål. Forskinga i dag fokuserer mellom anna på verknaden av miljøgifter knytt til mikroplast. Miljøgiftene stammar både frå plastproduksjonen og frå mikroplasten si evne til å binde dei til seg frå omgjevnadane. Eit avgjerande spørsmål er om mikroplasten fører til at miljøgifter vert konsentrert i næringskjedene og på denne måten skadar økosystem og menneske. FN, OSPAR og EU arbeidar i dag for å takle utfordringa med plastforureininga av dei marine miljøa, gjennom forsking, tiltak for innsamling av marin forsøpling, haldningsendringar og etablering av lovverk. Mangel på systematisk kunnskap som gjer det mogeleg å gjere ei robust vurdering av kva som er dei reelle effektane på økosystemnivå vert peika på som ein viktig grunn til at det ikkje har vorte gjennomført tiltak som monner. At problemet strekk seg over juridiske, administrative og økonomiske grenser er også ein viktig faktor.
Author: Janne Olaug Bareksten
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Pollution
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7005369709
Cites: 130
Cited by:
Related to: 10