Bildediagnostikk ved patellartendinopati - Ein litteraturstudie
Year: 2015
Type: dissertation
Study design: Systematic Review
Abstract: Bakgrunn: Jumper's knee er ein klinisk diagnose med belastningsrelaterte smerter og palpasjonsømheit i patellarområdet, og vert kalla patellartendinopati (PT) dersom stadfesta med bildediagnostikk eller biopsi . Tilstanden er vanlig hos idrettsutøvarar, og kan i verste fall ende ei idrettskarriere, sidan førebygging og behandling har varierande effekt. Hensikta med studien var å kartlegge og samanlikne bildediagnostiske funn ved PT innan doppler/ultralyd og MR, og seie noko om korleis metodane bør brukast ved diagnostikk av PT. Hypotesen var at ultralyd framleis vil vere førsteval ved bildediagnostisk utredning og oppfølging. Metode: Dette er ein litteraturstudie der vi har søkt i Pubmed etter artiklar som omhandlar bildediagnostikk ved PT. Søket vart utført i august 2015, og 29 artiklar vart inkludert basert på utveljingskriteria. Resultat: 23 artiklar (79%) omhandla ultralyd og/eller doppler, medan 11 (38%) undersøkte MR. 5 artiklar (17%) såg på både ultralyd/doppler og MR, men berre éin av desse samanlikna bildediagnostiske metodar direkte. Ultralyd nyttast hovudsakleg for å sjå etter hypoekkoiske lesjonar, medan doppler påviser neovaskularisering. MR framstiller fleire strukturar samtidig, men signalintensitet i patellarsena vert gjennomgåande vektlagd. Konklusjon: Ultralyd i kombinasjon med doppler bør vere førsteval ved utredning og oppfølging av PT, medan MR er eit viktig supplement ved framstilling av fleire strukturar og kirurgisk planlegging.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Authors: Inger Johanne Lied, Linde Melby
Institution: Norwegian University of Science and Technology
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Orthopedics and Sports Medicine
Field: Medicine
Domain: Health Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7008490331
