På kva måtar kan karakterar påverke motivasjonen til elevar på to ulike faglege nivå?
Year: 2019
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Formålet med denne oppgåva er å undersøkje ulike måtar karakterar kan påverke motivasjon til elevar på to ulike faglege nivå. \n\nI oppgåva brukast det teori om vurdering, teori prestasjonspresset i skulen og motivasjonsteori i form av sjølvbestemmelsesteorien og fagleg sjølvvurdering. Metoden som er brukt for å samle inn data er anonym spørjeundersøking. Spørjeundersøkinga var hovudsakeleg kvantitativ og bestod av 23 påstandar, men hadde i tillegg eit kvalitativt ope spørsmål. Spørjeundersøkinga vart gjennomført i tre klasser på ungdomstrinnet.\n\nHovudfunnet er at ein ser at elevane er varierte i svara på spørsmålet om dei ønsker eller ikkje ønsker å ha karakterar i skulen. Her er svaret variert på tvers av dei faglege nivå. Dette kan vere fordi elevane har ulik type motivasjon, og opplever det å få karakterar på ulike måtar. Eitt av funn er at fagleg sterke elevar i større grad samanliknar karakterane sine, og opplever i størregrad press og stress relatert til karakterar, enn dei fagleg svake elevane. Og eitt funn er at dei fagleg svake elevane er meir positive i svara på påstanden at dei arbeidar med skulearbeid fordi dei synst det er gøy, enn dei fagleg sterke elevane.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Regine Aarflot Jørgensen
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7014458172
