Oppfølging og rettleiing av fosterheimar. Korleis kan barneverntenesta skape eit kvalitativt godt oppfølgingstilbod for barn og unge i fosterheimar?
Year: 2021
Type: dissertation
Abstract: Den 1. januar 2022 trer den nye barnevernsreforma i kraft. Reforma medfører store endringar på fosterheimsområdet, der ansvaret for oppfølging- og rettleiing av dei ordinære fosterheimane overførast til den kommunale barneverntenesta. Ved hjelp av fokus intervju med yrkesutøvarar frå feltet, empowerment som teoretisk perspektiv og supplerande forsking på tematikken søker oppgåva å skape ny kunnskap, samt belyse korleis barneverntenesta kan styrke eigen praksis og skape kvalitet i utføringa av det nye arbeidet.\nProblemstillinga som oppgåva søker å svare er dermed; korleis kan barneverntenesta skape eit kvalitativt godt oppfølgingstilbod for barn og unge i fosterheimar. For å svare på problemstillinga er det nytta kvalitative forskingsmetodar sentrert i organisasjonsforsking. Som datagenereringsmetode er det nytta djupneintervju med tre informantar. I analysen er funna konkretisert til empiriske konklusjonar, før empirien blir bygd vidare på ved induktiv metode i diskusjonen.\nAv funna synar det seg ei overordna gjennomgåande usikkerheit knytt til tema som gjennomføring av omstruktureringa, behovet i dei ulike kommunane, økonomiske ressursar samt kunnskap, kompetanse og personalressursar. Usikkerheita viser seg som sentral i at den er delt av alle informantane. Gjennom sine refleksjonar utrykker alle intervjuobjekta at den faglege og metodiske kompetansen må vere på plass i utføring av eit slikt krevjande ansvarsområde.\nI tråd med empowerment-tenkinga kan ein forstå dei tilsette i ein tilstand av unpowerment. For å motverke umyndiggjering og tiltaksløyse kan eit styrka fokus på tilsettestøttande tiltak bli viktig for tenestene. Eg hevdar difor at tenestene med god hensikt kan nytte modellar for empowerment og myndiggjering i planlegging og utføring av nye arbeidsoppgåver, og med dette leggje til rette for både kvalitet i overgangsfasa og i det vidare arbeidet. Som diskusjonen synar er reell empowerment eit krevjande mål å nå, og prosessen vil såleis krevje aktiv involvering av både organisasjonen, og dei tilsette.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Marius Lillevik Kornberg
Institution: Volda University College
Language: Norwegian Nynorsk
Topic: Child Welfare and Adoption
Subfield: Sociology and Political Science
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7023621026
