Samanhengen mellom tospråklegheit og utvikling av eksekutive funksjonar i tidleg barndom. Ein systematisk litteraturstudie
Year: 2020
Type: dissertation
Study design: Systematic Review
Abstract: Tittel: Samanhengen mellom tospråklegheit og utvikling av eksekutive funksjonar i tidleg barndom: Ein systematisk litteraturstudie Problemstilling: Kva er samanhengen mellom tospråklegheit og utviklinga av eksekutive funksjonar i tidleg barndom?Bakgrunn og metode Det er grunn til å tru at å lære to språk i tidleg barndom gjev god hjernetrim og kan såleis styrke fleire kognitive evner.Ein av desse er eksekutive funksjonar, som referer til sjølvregulerande kognitive prosessar som hjelper overvaking og kontroll av tanke og handling.Mengda forsking om dette emnet har auka dei siste åra og den har vorte fylgt av større variasjon i resultat og tolkingar, og ei veksande mistru til validiteten til påstandar om positive fylgjer av tospråklegheit.Målet for denne masteroppgåva er å få noko oversikt over studiane som er utført om kognitive evner hos tospråklege barn, og drøfte dette i lys av barns (tospråklege) utvikling i barnehagen.Oppgåva nyttar metoden systematisk litteraturstudie, og utførte i april 2020 eit litteratursøk i tidlegare forsking.Det var nytta ein relevant database, og artiklar vart valt ut med grunnlag i nokre førehandsbestemte kriterium.Fem studiar som møtte desse kriteria er vurderte og dannar, saman med teori, eit grunnlag for drøfting. Resultat og konklusjonFire av dei fem studiane i utvalet rapporterte ein samanheng mellom tospråklegheit og betre evner i eksekutive funksjonar.Dei same fire studiane delte utvalet i tre grupper; einspråklege, tospråklege og overgang frå einspråkleg til tospråkleg.Impulskontroll, matematikk, arbeidsminne, språkevner, kognitiv fleksibilitet og prosesseringstempo er dei evnene der tospråklege presterte betre enn einspråklege.Overgangsgruppa hadde som regel dårlegare prestasjon i starten, men kunne etter 18 månadar prestere noko betre enn den einspråklege gruppa.Å tileigne seg tospråklegheit kan hjelpe førskulebarn å utvikle eksekutive evner ytterlegare, og det kan hende evnene er spesielt viktige for barnas tileigning av majoritetsspråket om foreldra ikkje snakkar det heime.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Chloe Linnea Taylor
Institution: University of Agder
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Developmental and Educational Psychology
Field: Psychology
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7033821501
