Teamsamansetjing – ein studie av gründerbedrifter
Year: 2014
Type: dissertation
Abstract: I denne oppgåva er det undersøkt korleis gründerbedrifter arbeider med samansetjing og utviding av teamet. Det vert sett på korleis dei nyttar andre tilknytingsformer enn fast tilsetjing, kva måla med teamutvidinga har vore og korleis dei arbeidar med identifikasjon og seleksjon av kandidatane. Eg har sett på fire gründerbedrifter som har eller har hatt tilknyting til ein inkubator og gjort intervju av dei. Funna støttar eksisterande litteratur om at det er dei nære relasjonane som vert mest nytta av gründerbedriftene og utvidingane er ofte teammedlemmar som liknar på dei eksisterande medlemmane. Det er likevel meir samansett enn det som vert presentert i mykje anna litteratur. Ein må kopla saman det rasjonelle og det sosio-psykologiske synet for å forklare heilskapen rundt teamutviding.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Lars Helge Overvoll
Institution: University of Oslo
Language: Norwegian
Subfield: Management of Technology and Innovation
Domain: Social Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7034409569
