Ein effektivitetsstudie av ein intensiv multimodal behandlingsmodell for kronisk utmatting
Year: 2011
Type: dissertation
Abstract: Pasientar (N = 124) med kronisk utmattingssyndrom (CFS) vart tilbydd eit fire dagars kort intensivt behandlingsprogram, etter vurderingssamtale og motiverande intervju. Programmet er samansett av psykoedukasjon, kognitivt orienterte gruppesesjonar, mindfulness, skriveøvingar og fysisk aktivitet. Ei veke etter behandling og ved 3 månaders oppfølging var det vesentlege reduksjonar i utmattingssymptom, i tillegg til auka livskvalitet og betre mental helse. Effektstorleikar (Cohens'd) varierte frå 0.2 til 1.6 ved 3 månaders oppfølging. Pasientar som rapporterte om høge nivå av utmatting ved fyrstegongssamtale synte større betring i funksjonsnivå. Redusert sosial fungering, oppleving av å ha lite kontroll over symptom og høgt nivå av sjukdomsbekymring ved fyrste vurdering predikerte dårlegare utfall ved tre månaders oppfølging. Basert på denne naturalistiske effektivitetsstudien konkluderer me med at den presenterte intervensjonen gjev grunnlag for eit meir optimistisk perspektiv på behandling og prognose for CFS.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Eili Nygard Riise
Institution: University of Bergen
Language: English
Subfield: Psychiatry and Mental health
Field: Medicine
Domain: Health Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7037554652
