Fort gjort : kan motivasjon til rask utføring og behov for kontroll føra til optimistiske tidsprediksjonar?
Year: 2011
Type: dissertation
Abstract: Problemstilling/ Forskingsspørsmål: Kan motivasjon til å arbeida raskt og motivasjon til kontroll føra til optimistiske tidsprediksjonar?\n\nDeltakarar: 60 studentar verva frå Psykologisk Institutt deltok i eksperimentet. \n\nDesign: Deltakarane vart tilfeldig fordelt til eit blanda eksperiment- og korrelasjonsdesign. Eksperimentet hadde ein innangruppefaktor med to nivå og ein mellomgruppefaktor med to nivå. Innangruppefaktoren Oppgåvekontroll bestod av to oppgåver, der ein kunne kontrollera tida på den eine oppgåva (kontrollerbar oppgåve), medan den andre oppgåva hadde ei konstant tid (ukontrollerbar oppgåve). Mellomgruppefaktoren Motivasjonstype bestod av ein betingelse der deltakarane kunne vinna kinobillettar dersom dei utførte oppgåvene raskt (prestasjonbetingelse), samt ein betingelse der deltakarane kunne vinna kinobillettar ved tilfeldig trekning (lotteribetingelse). Behov for kontroll vart målt og resultata her vart korrelerte med tidsprediksjonane.\n\nPrediksjonar: Det vart predikert at motivasjon til å prestera raskt ville føra til kortare tidsprediksjonar Samt at høgt kontrollbehov ville ha ein samanheng med tidsprediksjonar på den måten at tidsprediksjonane ville gå ned når kontrollbehovet gjekk opp.\n\nMetode: Etter instruksjon om mogelegheiten for å vinna kinobillettar anten ved trekning eller rask prestasjon, vart deltakarane bedt om predikera tida dei trudde den kontrollerbare og den ukontrollerbare oppgåva ville ta. Motivasjon vart deretter målt gjennom å spørja kor lyst dei hadde til å vinna kinobillettar, medan behov for kontroll til slutt vart målt ved hjelp av ein omsett versjon av Burger og Cooper sin skala ”The Desirability of Control Scale”.\n\nFunn: Det var ingen signifikant effekt av manipulasjonen motivasjon til å jobba raskt på tidsprediksjonane. Resultata peika imidlertid i predikert retning ved at prestasjonsbetingelsen estimerte kortare tid enn lotteribetingelsen. Grunnar til manglande signifikant gruppeskilnad kan dreia seg om stor spreiing i tidsprediksjonane, for like betingelsar, samt ein signifikant skilnad i motivasjon mellom gruppene som kanskje kan ha indikert defensiv pessimisme. Det var som predikert ei signifikant hovudeffekt av kontrollskala på tidsprediksjonar, som var slik at når kontrollbehov gjekk opp, gjekk tidsprediksjonar ned. Dette kan vera eit resultat av illosorisk kontroll, eller det kan dreia seg om uvervurdering av betring i prestasjon som følgje av incentiv. Korrelasjonen mellom kontrollskala og tidsprediksjonar var signifikant berre i prestasjonsbetingelsen, og ein variansanalyse med kontrollskalaen som kovariat viste ein signifikant interaksjon mellom betingelse og kontrollskala. Skilnaden i tidsprediksjon mellom betingelsar var og større for dei med høgt kontrollbehov, noko som kan forklarast gjennom auka tilbøyelegheit til illusorisk kontroll ved høgt kontrollbehov.\n\nOppgåva er tematisk relatert til rettleiar Torleif Halkjelsvik sitt pågåande Dr.gradsprosjekt knytt til oppfatning av tid. Det vart ut frå dette temaet i samarbeid med han utvikla eit enkeltståande eksperiment som denne oppgåva er tufta på. Eksperimentet vart gjennomført av underteikna.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Maren Rognaldsen
Institution: University of Oslo
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: General Decision Sciences
Field: Decision Sciences
Domain: Social Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7037573963
