Korleis ser fenomenet skulevegring i Sogn og Fjordane ut frå eit elevperspektiv?
Year: 2013
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Norsk forsking har satsa lite på skulevegring. Likevel veit vi at mange elevar vegrar seg kvar dag for å gå til skulen. Dette mastergradprosjektet har som formål å få ein betre innsikt i fenomenet skulevegring, og finne ut kor omfattande dette eigentlig er. Det har vore viktig å finne funksjonen/årsaka til at elevar er vekke frå skulen. Eit anna viktig formål med oppgåva har vore å finne ut om elevar med skulevegering opplever skulekvardagen annleis enn elevar utan skulevegring. Utifrå dette har eg derfor valt problemstillinga «korleis ser fenomenet skulevegring i Sogn og Fjordane ut frå eit elevperspektiv?» Skulevegringsomgrepet er eit komplekst og samansett omgrep. Skulevegring vert definert på ulike måtar, og det er usemje i litteraturen om skiljet mellom skulk og skulevegring. I denne oppgåva vert «skulevegring» forstått i tråd med Kearney og Silvermann (1996) sitt omgrep «school refusal». Dette omgrepet skil ikkje mellom skulk og skulevegring, og famnar derfor alt frå elevar med angst til dei som tradisjonelt sett vert omtala som skulkarar. Metode: Oppgåva tek sikte på å få fram ein skildrande analyse av skulevegring i Sogn og Fjordane. Masteroppgåva representerer derfor ein kvantitativ studie, der eg har nytta survey som metode. Eg sendte spørjeundersøking til alle elevane på «reine» ungdomsskular i fylket. Dette utgjorde 714 elevar fordelte på 8 ulike skular. Svarprosenten vart på 78 %, og dette vert rekna som ein tilfredstillande svarprosent. Elevane svarte på undersøkinga, og eg har utifrå dette analysert og drøfta resultat opp mot aktuell teori og empiri. Drøftinga av oppgåva er hovudsakleg basert på primærkjelder, men også nokre sekundærkjelder. Kjeldene er både norske og internasjonale, og består mykje av forskingsartiklar knytt opp mot dette fagfeltet. Resultat: Resultata frå undersøkinga viser at omfanget av skulevegring varierer alt etter kva definisjon ein legg til grunn. Dei mange definisjonane omkring skulevegring gjev ingen klar nedre grense for kor stort eit fråvær skal vere for at det reknast som skulevegring. Resultata frå undersøkinga mi viser at det er relativt vanlig at elevar er vekke frå skulen i tiande klasse for å unngå skulen, eller gjere andre attraktive oppgåver. Desse elevane vert utifrå definisjonane definerte som «skulevegrarar». Funn frå undersøkinga tyder på at det er store skilnadar på elevar som er vekke meir eller mindre enn tre dagar. Resultata viser derfor at det kan vere grunn til å definere omgrepet tydligare, der ein også talfester tal på fråværsdagar. Resultata frå undersøkinga viser også at det er stor variasjon i funksjonen bak eit fråvær. 28 % av alle elevane har vore heime frå skulen fordi skulen framkallar direkte ubehag i form av angst, frykt eller andre negative opplevingar. 15 % av elevane seier at dei har hatt fråvær for å gjere noko meir attraktivt enn å gå på skulen (t.d. vere heime med familien, spele data). Det å finne årsaka vil vere heilt naudsynt for å legge til rette best mogeleg til elevane. Skulane bør ha klart for seg kor mykje fråvær som skal føre til bekymring, og opparbeide gode kartleggingsmateriell for på finne ut av årsakene. Funn frå undersøkinga viser også at det er store skilnadar på korleis elevar med og utan skulevegring opplever skulekvardagen. Opplæringslova (1998, kapittel § 1-3) og Kunnskapsløftet (Kunnskapsdepartementet 2006) forpliktar skulen til å legge vekt på tilpassa opplæring. Resultat frå undersøkinga viser heilt klart at elevar med skulevegring opplever ei dårligare tilpassa opplæring enn elevar utan skulevegring. I følgje opplæringslova (1998) kapittel 9a har elevane også ein lovfesta rett til eit godt skulemiljø. Skulen vert pålagt å arbeide kontinuerlig for å sikre at skulemiljøet fremjar helse og tryggleik for elevane. Resultata frå undersøkinga viser at elevar med skulevegring har ein dårligare relasjon til kontaktlærar, trivst dårligare på skulen, er meir utsette for mobbing og opplever klassemiljøet dårligare enn elevar utan skulevegring. Undersøkinga viser også at elevar med skulevegring er ekstra utsette når det gjeld å vere trist og lei seg. Mykje tyder derfor på at innhaldet i opplæringslova kapittel § 1-3 og 9a bør vere viktige område å vektlegge når ein skal arbeide med skulevegrarar.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Hilde Lauritsen
Institution: Volda University College
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7039143273
