Telemetriovervaking - Ein observasjonsstudie om rutinar
Year: 2020
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Introduksjon Telemetriovervaking er mykje brukt på hjartemedisinske avdelingar i dag, og har utvikla seg i over 50 år. Hjarterytma overvakast kontinuerleg, og ein er avhengig av god kvalitet på overvakinga for å unngå feildiagnostisering. Feilplassering er ein av dei vanlegaste feilkjeldene. For å redusere forstyrringar og ubalanse i signala må elektrodane vere korrekt plassert, samt at kontakta mellom hud og elektrodefeste må vere god. Hensikta med studien var å undersøke korleis sjukepleiarar etterlev rutinar og retningslinjer ved bruk av telemetriovervaking. Metode Ein kvantitativ observasjonsstudie vart utført i samarbeid med hjartemedisinske sengepostar. Det blei nytta 3 ulike observasjonsskjema, med totalt 39 observasjonar. På avdelingane er det nytta to ulike typar telemetri. Observasjonane vart utført mars 2020, rett før Covid-19 pandemien. Datasamlinga vart derfor stoppa tidlegare enn planlagt. Resultat Totalt var det 13 og 17 prosent av elektrodane feilplassert på dei to ulike telemetriane. I 83 prosent av tilfella var huda ikkje førebudd før elektrodelappane vart festa. Ved observasjon av telemetriar som allereie påkopla var 53 prosent synleg skitten. Alle telemetriane vart reingjort innan 5 minutt etter seponering. 92 prosent av pasientane som allereie hadde telemetri oppgav til sjukepleiar at dei ikkje hadde fått informasjon, Medan 58 prosent av dei som fekk kopla på under observasjon fekk informasjon om hensikta med telemetri. Konklusjon Studien har vist at det er fleire manglar ved rutinane for telemetriovervaking. Elektrodane var plassert feil og huda var ikkje førebudd. Studien avdekker også at pasientane fortel at dei ikkje har fått informasjon. Det er stort behov for klare retningslinjer og god opplæring av sjukepleiarar. Nøkkelord: telemetriovervaking, arytmi, hygiene, pasientinformasjon, sjukepleie
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Josefine Kvalsvik
Institution: Norwegian University of Science and Technology
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Health Informatics
Field: Medicine
Domain: Health Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7043786009
