Rollespel i naturfag: Eit reiskap for utdanning for medborgarskap?
Year: 2021
Type: dissertation
Abstract: Med innføringa av LK20 blei det innført tverrfaglege tema som skal gjennomsyre alle fag, eit av dei er demokrati og medborgarskap. I denne studien vil eg undersøke korleis ein kan utdanne for medborgarskap i naturfag ved hjelp av rollespel som undervisingsaktivitet. For å sjå på dette vil eg undersøke korleis elevane nyttar naturfagleg kunnskap, språk og argumentasjon i eit tverrfagleg rollespel, samt korleis kritisk tenking kjem til uttrykk gjennom sosiovitskapleg resonnering. Rollespelet tek utgangspunkt i ei sosiovitskapleg problemstilling (SSI) der ein ser på oppblomstring av giftige algar i ei elv. Eg har valt ei kvalitativ tilnærming, og datamaterialet er samla inn gjennom observasjon som primær metode og eit fokusgruppeintervju. Utvalet består av fem elevar i ei naturfagklasse på første året vidaregåande. Hovudfunna i studien er elevane brukar naturfagleg kunnskap i rollespelet, men at også etiske vurderingar står sentralt. Dette kjem fram gjennom bruk av argumentasjon, og ein kan sjå at rollespelet får fram argumentasjon av høgare grad då det nyttast motargument. Kritisk tenking kjem til uttrykk gjennom sosiovitskapleg resonnering der elevane evnar å sjå ein stor del av kompleksiteten i problemstillinga og at det må utforskast vidare, samt vise til dels skepsis til kvarandre. Den største fordelen ved rollespel vist her er at ved å nytte seg av rollespel får ein fremja fleire synspunkt. I tillegg ser ein kritisk tenking gjennom sosiovitskapleg resonnering gjennom at elevane til dels ser kompleksitet og at problemstillinga må utforskast vidare. Til trass for dette ser ein likevel at elevane ikkje knyt desse ferdigheitene til medborgarskap, og heller ikkje ser korleis medborgarskap og naturfag kan bli sett i samanheng. Her ser ein at rollespel vil vere ei eigna undervisingmetode dersom ein skal utdanne for medborgarskap ved at ein får inkludert naturfagleg kunnskap, argumentasjon, etisk vurdering samt kritisk tenking. Ein ser likevel at elevane sjølv ikkje ser samanhengen mellom naturfag og medborgarskap. Implikasjonar her kan vere at elevane må lære meir eksplisitt korleis naturfag og medborgarskap heng saman, i tillegg til at ein får tydlege avklaringar rundt kva som skal med i undervisingsaktiviteten.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Katharina Dimmen Kristoffersen
Institution: University of Oslo
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7052207975
