Studentar si interesse og meistringsforventning for programmering og modellering i biologi
Year: 2019
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Den teknologiske eksplosjonen i næringslivet har vore med på å skape eit behov for teknologisk kompetanse. Utdanningsinstitusjonane og grunnopplæringa har som fylje av dette innført programmering i utdannings- og skuleløp (NOU 2015: 8, 2015). Biologi er eit av dei fagområda som no har integrert programmering (Markowetz, 2017). Gitt den noko yngre tradisjonen av programmeringsundervisning i biologifaget, er det enno lite forsking på dette. Det er innanfor ein undervisningskontekst med programmering i biologi at min studie plasserer seg. Eg har sett på kva som kjenneteiknar studentane si interesse og meistrings-forventning til programmering og modellering i biologi. Dette gjennom det berekningsorienterte emnet BIOS1100 -“Innføring i beregningsmodeller for biovitenskap” på institutt for biovitenskap ved UiO. Studien baserer seg på to kvantitative datainnsamlingar blant studentane på BIOS1100 hausten 2018. Der respondentane sine svar har blitt analysert for å finne deira kjenneteikn, interesse og meistringsforventning til BIOS1100 og studie-programmet. Det har òg blitt gjort analyser for å sjå korleis interesse og meistringsforventning varierer med kjønn og tidlegare programmeringserfaring. Funna viser at studentmassen hovudsakleg består av studentar på biovitenskap som har vald studie sitt av interesse for biologi. Det er flest kvinnelege studentar, og studentane er lite interesserte i programmering og modellering i biologi. Mange av studentane har biologi frå vidaregåande, nokre har Matematikk R2, men dei har generelt lite programmeringserfaring. Desse tidlegare erfaringane visar seg også att i kva studentane opplever som utfordrande i BIOS1100. Vidare har vi sett at studentane gjennom semesteret får noko høgre meistringsforventning til BIOS1100, medan interessa for emnet går litt ned. Til samanlikning, har studentane høgre meistringsforventning og interesseverdi for studieprogrammet sitt, enn for BIOS1100. Det viser seg også at mennene har høgre interesse og meistringsforventning enn kvinnene i emnet. Kjønnsskilnaden er ikkje-eksisterande når det kjem til studieprogrammet. Den tydlege skilnaden i studentane sin motivasjon for studieprogrammet og BIOS1100 ser ein i fleire delar av datamaterialet; blant anna grunngjev studentane årsak for val av studieprogram gjennom ein indre motivasjon, medan BIOS1100 blir rapportert som nyttig og obligatorisk. Sett skilnaden mellom studieprogrammet og BIOS1100, samt mellom kjønna, har eg diskutert kring behovet for ekstra fagleg støtte. Dette for å kompensere for manglande interesse og meistringsforventning.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Marthe Mjøen Berg
Institution: University of Oslo
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Computer Science Applications
Field: Computer Science
Domain: Physical Sciences
Keywords: computational modeling, student interest, mastery expectations, student perceptions, gender differences, prior programming experience, computing education, biology education, student motivation, student support needs, student satisfaction, student assessment, student evaluation of teaching, student learning outcomes assessment
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7053018497
