Work

Agitasjon og funksjon i stell: førekomst og samanheng hos personar med demens i sjukeheim, bufellesskap og heimebaserte tenester

Year: 2012
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Bakgrunn Agitasjon er vanleg hos personar med demenssjukdom. Dette kan føre til utfordrande situasjonar i kvardagen hovudsakleg for pasienten sjølv, men også for helsepersonell og pårørande, som til dømes i stellesituasjonar. Meir kunnskap om dette området er nødvendig for å kunne hjelpe desse pasientane. Hensikt Føremålet med studien er å sjå på førekomst av agitasjon hos personar med demens og om ulike typar agitasjonsåtferd har samanheng med dårlegare funksjon i stell, påkledning og dusjesituasjonar samt om det er ein samanheng mellom agitasjon, alder og kjønn. Forskjellar i agitasjonsnivå hos sjukeheimspasientar i forhold til personar som bur i bufellesskap eller i heimen, vert og undersøkt. Metode Dette er ein tverrsnittstudie kor spørjeskjema vart nytta for å kartleggja førekomst av agitasjon og funksjon hos personar med demens eller mistanke om demenssjukdom. Resultat 83,3 % av personane med demens eller mistanke om demenssjukdom var agiterte minst ein gang i veka. Det var ein positiv samanheng mellom grad av agitasjon og dårlegare funksjon i stell, påkledning og dusjing Konklusjon Agitasjon er svært utbreitt hos personer med demens. Dei med fysisk aggressiv åtferd, fysisk ikkje aggressiv åtferd og dei med verbal aggressiv åtferd fungerte dårlegare i stell, påkleding og dusjesituasjonar enn personar utan desse agitasjonstypane.
Language: Norwegian Nynorsk
Field: Medicine
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7063673550
Cites: 49
Cited by:
Related to: 10