Førebygging av hamstringskader: ei litteraturstudie
Year: 2019
Type: dissertation
Study design: Systematic Review
Abstract: Bakgrunn: Akutte hamstringskader er den vanlegaste skaden hos fotballspelarar.Hamstringskader er ofte alvorlege og har ein tendens til å vende tilbake.Skaden oppstår som regel når muskulaturen vert maksimalt belasta, ved kraftige eksentriske kontraksjonar.Føremålet med dette litteraturstudiet var å undersøke kva førebyggande effekt eksentrisk trening har på førekomst og alvorsgrad av akutte hamstringskader hos fotballspelarar.Metode: For å svare på problemstillinga har eg gjennomført ei litteraturstudie.Eg har gjennomført systematiske søk i relevante databasar.Søket mitt resulterte i inklusjon av tre randomiserte kontrollerte studiar.Resultat: Resultata frå to av dei inkluderte studiane viste ei statistisk signifikant skilnad i tal på skader mellom gruppene i favør intervensjonsgruppa.Ei av studia viste også ein statistisk signifikant høgare hyppigheit av skader for intervensjonsgruppa.Når det kjem til alvorsgrad hadde kontrollgruppa gjennomsnittleg kortare skadeperiodar enn intervensjonsgruppa, men skilnaden var ikkje statistisk signifikant.Konklusjon: Eksentrisk trening har positiv førebyggande effekt på tal på hamstringskader, hos mannlege fotballspelarar, men eksentrisk trening ser ikkje ut til å påverke alvorsgraden av skader.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Håvard Bjørkedal Gjelsvik
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Orthopedics and Sports Medicine
Field: Medicine
Domain: Health Sciences
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7066052363
