GeoGebra i Matematikk 1T. Frå lærarane i faget sin synsvinkel
Year: 2019
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: I 25 år har kalkulator med grafisk vindu, og seinare programvare på PC vore i bruk som digitalt hjelpemiddel i matematikk i vidaregåande skule i Norge. Dei siste 10 åra er det GeoGebra som i stor grad har blitt standard. Mange av elevane vel matematikkfaget 1T første skuleåret, og der møter dei digitale hjelpemiddel i matematikk i større grad enn dei har opplevd tidlegare. Til eksamen skal desse elevane bruke både grafteiknar og CAS. Eg har brukt kvantitativ metode til å spørje lærarane i faget matematikk 1T korleis dei vurderer det digitale hjelpemiddelet GeoGebra. Eg finn ikkje tilsvarande forsking med kvantitativ metode i denne konteksten, og har difor lite å samanlikne med. Den forskinga eg finn som liknar mest er forskinga til Sigbjørn Hals frå 2010. Problemstilling mi er: Korleis vurderer lærarane det digitale hjelpemiddelet GeoGebra i matematikk 1T? Problemstillinga har vore konkretisert i desse forskingsspørsmåla: 1. Kva har lærarane fått av opplæring i GeoGebra, og gir dette grunnlag for TPACK? 2. Korleis organiserer lærarane undervisning der GeoGebra er i bruk? 3. Kva meiningar om, og haldningar til, GeoGebra og dei 3 modulane, har lærarane? 4. Kor stor del av bruken av GeoGebra har kvar av dei 3 modulane CAS, dynamisk geometriprogram og grafteiknar? 5. Kva modul ville lærarane valt vekk om dei måtte velje vekk ein? Viktige funn om korleis lærarane vurderer det digitale hjelpemiddelet GeoGebra i matematikk1T: - Opplæringa i GeoGebra har i stor grad vore sjølvstudium og kollegasamarbeid. TPACK-relaterte innhald har det vore minst av i andre kurs. - Lærarane har positive meiningar om GeoGebra, og spesielt med tanke på at det er eit godt verktøy for visualisering - Lærarane vurderer grafteiknar som det beste hjelpemiddelet for djup læring og auka forståing for elevane på matematikk 1T. Dynamisk geometriprogram får og ei god vurdering, medan CAS får signifikant dårlegare vurdering frå lærarane som godt hjelpemiddel for djup læring og auka forståing. Implikasjonar: Det er eitt år til reviderte læreplanar skal gjelde for faga i vidaregåande skule. Djupnelæring er eit viktig omgrep i den nye overordna delen av læreplanen. Viss dei som utformar læreplan og eksamen meiner djupnelæring er viktig bør dei lytte til kva lærarane i matematikk 1T seier om kva som er gode digitale hjelpemiddel for djup læring og auka forståing.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: John Willy Klungre
Language: English
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Keywords: GeoGebra, mathematics teachers' perceptions, digital learning tools, TPACK, dynamic geometry software, graphing software, computer algebra systems, teacher beliefs, high school mathematics, teacher professional development, teacher self-study, teacher collaboration, teacher attitudes toward technology, mathematics education reform
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W7066513517
