Meistringslæring: Korleis kan du som faglærar utforme og gjennomføre eit emne med studentstyrt framdrift?
Year: 2025
Type: article
Abstract: Emnet IT1001 ved NTNU nyttar meistringslæring med ein serie modular, der kvar student kan velje sitt eige tempo og ambisjonsnivå. Emnet har fått positiv respons frå studentane. I kva grad kan eit liknande opplegg med meistringslæring være eigna for andre emne i ulike fagfelt? Utforminga av IT1001 blir brukt som døme, men ulike fag kan ha ulike behov, og det finst mange designalternativ innanfor det som kan kallast meistringslæring. Artikkelen prøver å svare på følgjande spørsmål: (1) Korfor bruke meistringslæring? (2) Kva ulike val har faglærar med tanke på utforming av eit emne med meistringslæring? (3) Kva er ein føremålstenleg prosess for utvikling av eit slikt emne? Som artikkelen viser, finst det mange mogelege emnedesign innanfor det breie konseptet meistringslæring, og kvar faglærar må finne eit design som passar for sitt emne. Det er viktig å lage eit opplegg som både er handterleg for studentane og for fagstab og administrasjon med tanke på tid og ressursar, og det er ein god idé å involvere studentar allereie i planlegging av emnet.
Source: Læring om læring
Authors: Sindre, Guttorm, Hansen, Gabrielle
Institution: Norwegian University of Science and Technology
Language: Norwegian Bokmål
Topic: Innovative Teaching Methods
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
SDG: Quality education
Open Access status: diamond
OpenAlex ID: W7219963830
