Work

Opplevinga av eit meiningsfullt tilvære : Ei kvalitativ intervjuundersøking

Year: 2011
Type: dissertation
Abstract: Gjennom intervju i fenomenologisk tradisjon har eg undersøkt tre unge menn si oppleving av meining i deira eigne liv. Forskingsdeltakarane vurderar sjølv kva hendingar som er relevante. På bakgrunn av intervjua har eg prøvd å finne ein essens i opplevingane. Inspirert av kodingsprosessane i Grounded Theory har eg komme fram til fem kategoriar som representerar ulike måtar forskingsdeltakarane opplever meining på. Eg prøvar vidare å seie noko om kva samanheng det ser ut til å vere mellom kategoriane. Resultata frå analysen munnar ut i ein kontekstuelt forankra lokal teori. Den lokale teorien blir i drøfta i lys av generelle teoriar og tidligare empirisk forsking. I drøftinga ser eg at forskjellige teoretiske utgangspunkt bidreg til ei rik forståing av meining som omgrep. Til slutt ser eg på kva mine funn og drøftingar betyr for forsking og praksis innanfor rådgivingspedagogikk. Eg konkluderar med at meining som omgrep er relevant for menneske generelt og rådgivarar spesielt.
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Philosophy
Open Access status: green
OpenAlex ID: W786697524
Cites: 28
Cited by:
Related to: 10