"The role of ICT in the teaching of English as a Foreign Language in Norwegian lower secondary schools : a study of ICT use and patterns of associated factors"
Year: 2010
Type: dissertation
Study design: Observational Study
Abstract: Studien set søkelyset på engelsklærarar sin bruk av IKT og kva som skil engelsklærarar med lågfrekvent og høgfrekvent bruk. Datamateriale frå engelsklærarar ved eit tilfeldig utval ungdomsskular frå heile landet vart samla inn ved hjelp av ein webbasert survey med 248 spørsmål. Spørsmåla om lærarane sin generelle og faglege bakgrunn, samt erfaringar og syn på IKT, vart plukka ut på bakgrunn av funn frå tidlegare forsking, læreplanmål, tilbakemeldingar frå piloteringa og eigne erfaringar som ungdomsskulelærar. Data vart analyserte ved hjelp av deskriptiv statistikk, korrelasjonsanalysar, analysar av varians (ANOVA), faktoranalysar og regresjonsanalysar. Analysane viser at det i første rekke er bruk av tekstbehandlingsprogram, presentasjonsverktøy og Internett for informasjonsinnhenting som engelsklærarar bruker meir enn "av og til". Også bruk av Internettbaserte oppgåver knytt til læreverk og tilsvarande fagspesifikke verktøy er vanlege i engelskundervisinga. Digital kommunikasjon er berre sjeldan brukt. Faktorar som viser seg å henge saman med IKT-bruk inkluderer m.a: stor vektlegging av den digitale basiskompetansen som uttrykt i læreplanen; set stor pris på det at IKT gjev tilgang til ekstra innhald og varierte undervisingsmåtar; har stor tru på positive effektar av IKT på elevane si læring; legg stor vekt på faginnhald som handlar om det å utvikle elevane sine meta-kognitive ferdigheiter; har tru på ei tilretteleggande lærarrolle; og har stor uformell IKT-kompetanse. Analysane viser at det er heile ti fagspesifikke faktorar knytt til innhald, undervisingsorganisering eller sjølvopplevd kompetanse som har innverknad på grad av IKT bruk. Dette tyder på at framtidige analysar av situasjonen i skulen må i større grad ta omsyn til den faglege konteksten IKT-bruken er ein del av. På basis av funna i denne undersøkinga bør framtidige kurs for lærarar ha ei tydeleg fagdidaktisk vinkling med vekt på erfaringstileigning og utveksling, og der former for fagspesifikk læringsutbytte er utgangspunkt for vurdering av verdien av ulik teknologibruk.
Source: NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
Author: Thomas Arnesen
Institution: University of Oslo
Language: English
Subfield: Education
Field: Social Sciences
Domain: Social Sciences
Keywords: information and communication technologies, English as a foreign language, ICT use by teachers, junior high school, English teachers, digital competence of teachers, teacher beliefs, metacognitive skills, teacher role, technology-enhanced language learning, Norwegian schools, text processing software, presentation software
SDG: Quality education
Open Access status: green
OpenAlex ID: W2463061537
