Work

Vilkår for læring og bruk av andrespråk i akademia: Internasjonalt tilsette sine erfaringar med språk på norske universitet og høgskular i lys av rådande språkpolitikk

Year: 2022
Type: article
Study design: Observational Study
Abstract: Denne artikkelen presenterer ein studie som utforskar kva for plass og vilkår det norske språket har blant internasjonalt tilsette i norsk akademia. Studien inn­går i forskingsprosjektet NINjA – Norsk i akademia og byggjer på resultata av ei spørjeundersøking blant internasjonalt tilsette på 12 norske universitet og høg­skular og intervju med 55 av deltakarane i undersøkinga. Eit viktig utgangs­punkt for analysen er den gjeldande nasjonale språkpolitikken som blir ført over­for universitets- og høgskulesektoren. Det blir funne at internasjonali­seringa som har prega utviklinga i sektoren dei siste tiåra, er i konkurranse med mål­setjingane for språkpolitikken om norsk som samfunnsberande språk på alle domene. Midt mellom desse to agendaene står dei internasjonalt tilsette. Vil­kåra deira for å læra norsk er ikkje gode nok til å sikra at denne tilsettgruppa opp­når det ferdigheitsnivået i norsk som arbeidsoppgåvene krev. Artikkelen kon­kluderer med at denne situasjonen vil kunna ha negative følgjer for inter­nasjonalt tilsette, men truleg også for det norske språket, dersom dei akade­miske institusjonane og dei som utformar språkpolitikken i sektoren, ikkje i større grad legg forholda til rette for at internasjonalt tilsette får utvikla det norske andrespråket sitt.
Language: Norwegian
Open Access status: diamond
OpenAlex ID: W4220985299
FWCI: 0.705
Cites: 14
Cited by: 8
Related to: 9